Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Jus er utdanninga for deg som er opptatt av mennesket i samfunnet, og av rett og rettferd. Med jus får du ei utdanning som kjem til nytte enten du drøymer om å jobbe med menneskerettar, politirett, internasjonal handel, berekraft eller noko heilt anna.
I løpet av studiet vil du forstå kvifor jus er nødvendig for å løyse alt frå nabotvistar til dei store globale utfordringane vi står overfor. Jus er eit studium der problemstillingane du arbeider med liknar dei du vil møte i den framtidige arbeidskvardagen din.
Masterstudiet i rettsvitskap er eit femårig fulltidsstudium med oppstart i august. På første, andre, tredje og fjerde studieår har du obligatoriske emne. På tredje og femte studieår vel du også juridiske emne etter eigne interesser.
Jusutdanninga i Bergen er kjent for eit svært aktivt studentmiljø og eit godt undervisningsopplegg. Du får tett oppfølging, dyktige undervisarar og kan delta i eit inkluderande studentmiljø. I studentorganisasjonane kan du engasjere deg i alt frå rettshjelp til korsong eller fallskjermhopping.
Studiet er eit fulltidsstudium. Det betyr at du må rekne med å bruke om lag like mykje tid på studia som på ein fulltidsjobb. I tillegg til den obligatoriske undervisninga må du rekne med å bruke ein del tid på lesesalen og på samarbeid med andre studentar.
Undervisninga består mellom anna av forelesingar, oppgåveinnleveringar, gruppeundervisning og sjølvstudium.
Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen. Dette er ein ærverdig og moderne studiestad i Bergen sentrum. På Dragefjellet finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantine.
Arbeidsmarknaden for juristar frå UiB er svært god. Nær sagt alle med utdanning frå Det juridiske fakultet seier dei er i relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia.
Samfunnet treng juristar, og få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som jusutdanninga. Eksempel på nokre av stadene du kan jobbe er:
I Primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Dersom du har tatt juridiske eksamenar ved andre institusjonar, må du også søke gjennom Samordna opptak. Kjem du inn, kan du søke om å få godskrive tidlegare utdanning.
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga er for det meste på norsk, men nokre valemne går på engelsk.
1. studieår
Obligatoriske emne (emnekode i parentes):
Exfac - Innføring i juridisk metode (JUS100)
Familie- og arverett (JUS211)
Avtalerett (JUS212)
Erstatningsrett (JUS213)
Tings- og immaterialrett (JUS214)
Juridisk metode (JUS215)
2. studieår
obligatoriske emne:
Rettsstaten (JUS221)
Forvaltningsrett (JUS222)
Examen philosophicum (EXPHIL)
3. studieår, haust
obligatorisk emne:
Obligasjonsrett (JUS231)
3. studieår, vår
I vårsemesteret på tredje studieår kan du sjølv velje kva for juridiske emne du skal studere, og om du vil studere i utlandet eller i Bergen. Les meir om valmoglegheitene dine her.
Vel mellom:
Rettshistorie og komparativ rett (JUS232, 12 studiepoeng)
Valemne (til saman 20 studiepoeng). Det er krav om at minst eitt emne er på engelsk.
Sjå oversikt over alle valemna her.
Eller
Komparativ rett (JUS233, 2 studiepoeng)
Utveksling, valemne (30 studiepoeng)
4. studieår
obligatoriske emne:
Strafferett (JUS345, 20 studiepoeng)
Rettargang (JUS346, 20 studiepoeng)
Allmenn formuerett (JUS347, 20 studiepoeng)
5. studieår
Les om valmoglegheitene på 5. studieår her.
Hovudreglen er at femte studieår er bygd opp slik:
Masteroppgåve inkl. perspektivemne/opplæringsdel (30 sp), fordjupingsemne (20 sp) og engelsk spesialemne (10 sp)
Eller
JUS397 Masteroppgåve inkl. perspektivemne/opplæringsdel, forskarline (70 sp)
Eller
Masteroppgave inkl. perspektivemne/opplæringsdel (60 sp)
Eller
Utveksling (30 eller 60 sp)
Å reise på utveksling gir ei fantastisk moglegheit til å lære meir om internasjonal rett og til å få nye perspektiv på norsk rett gjennom å lære om korleis ulike rettsområde er regulert i andre land. Du kan reise på utveksling til meir enn 100 universitet over heile verda.
Les meir om utvekslingsmoglegheitene ved Det juridiske fakultet.
Drøymer du om å bli forskar eller å undervise om jus? Da bør du sjå nærmare på forskarutdanning ved Det juridiske fakultet som du kan søke på etter masterstudiet er fullført.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.