Studieplan for BAHF-ARK Bachelorprogram i arkeologi, høst 2026

Omfang og studiepoeng

Namn på grad

Bachelor i arkeologi

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Engelsk eller skandinaviske språk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Arkeologifaget har som mål å gi ei forståing av korleis menneska har tilpassa seg naturtilhøve og økologi, og av korleis dei har utvikla levemåtar og samfunnsformer opp gjennom tidene. Faget tar for seg heile perioden frå dei første menneska fram til og med mellomalderen.

Sidan kjeldene til denne forståinga i hovudsak er ikkje-skriftlege, vil fortolkingane som arkeologane gjer av fortida, oftast basera seg på studiar av gjenstandar og av materiell kultur i vidare forstand.

Bachelorgraden i arkeologi inneheld òg ein breiddekomponent, som betyr at studiet i arkeologi blir kombinert med minst eitt anna fagområde. Studentar vel fritt kva breiddekomponenten skal innehalde. Breidde i utdanninga gir studentane innsikt i fagområde utanfor eiga spesialisering. Dette breie faglege grunnlaget fremmar kritisk tenking, kreativitet og fleksibilitet - eigenskapar som er verdifulle både i vidare studium og i arbeidslivet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:


Kunnskapar:
Kandidaten:

har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor arkeologi

kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor arkeologi

kan oppdatere sin kunnskap innanfor arkeologi

kjenner til arkeologifaget si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Kandidaten har godt oversyn over nordisk, europeisk og global arkeologi frå menneska si tidlege utvikling og fram til og med mellomalderen. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale arkeologiske tema, teoriar og forskingstradisjonar innanfor steinalder, bronsealder, jernalder, mellomalder eller klassisk arkeologi. Vidare vil kandidaten ha god innsikt i arkeologisk teori og sentrale kjelde- og metodespørsmål.

Ferdigheiter:

Kandidaten:

kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og gjere greie for val knytt til arkeologisk materiale og problemstillingar

kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing

kan finne fram til, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og knyte dette til ei problemstilling

kan anvende relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer

Studenten kan drøfte arkeologiske problemstillingar og kritisk vurdere arkeologiske framstillingar. Studenten kan analysere arkeologiske data, kjelder og litteratur, samt dra konklusjonar basert på dette materialet.

Generell kompetanse:

Kandidaten:

har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar i arkeologi

kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt, aleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningsliner

kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer

kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn i fagområdet og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis

kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i arkeologifaget

Kandidaten har røynsle med å handsame store informasjonsmengder, og i å formidle arkeologisk kunnskap både munnleg og skriftleg. Kandidaten har kompetanse til å setje seg inn i nye tema og problemfelt, og analysere og diskutere desse. Kandidaten har kompetanse i akademisk drøfting og til å relatere seg til akademisk litteratur på ein vitskapleg måte.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og LES100 – Les og skriv (10 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. I tillegg er det tilrådd at ein i første semester tar ARK100.

Tilrådd første semester:

Ex.phil (10 studiepoeng)

Les og skriv (10 studiepoeng)

ARK100 (10 studiepoeng)

Obligatoriske emne

I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i ein bachelorgrad i arkeologi:

Bachelorprogrammet i arkeologi har ein obligatorisk breiddekomponent på 30 studiepoeng. Dette vil seie at studentar må ta minst 30 studiepoeng med emne utanfor arkeologifaget. Dette er jf. HF sine utfyllande reglar til § 10-3 i UiB si studieforskrift.

Spesialisering

Spesialiseringa i arkeologi består av totalt 90 studiepoeng i arkeologi:

I tillegg:

Minst eitt av emna RIT101, KARV109, ARKUN110

Minst eitt av emna ARK112, ARK113, ARK121, ARK123, ARK124 eller ARK125

Minst eitt av emna ARK212, ARK213, eller ARK214.

Tilrådde valemne

Bachelorgraden i arkeologi inneheld 60 frie studiepoeng. I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevant for si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ved Det humanistiske fakultet er det ei rekke ulike alternativ for bruken av frie studiepoeng. Det er mellom anna mogleg å:

• velje blant fleire emnepakkar på fakultetet

•velje emne frå liste som er sortert etter tema/område

•ta eit av HF sine årsstudium

• fritt velje blant alle opne emne på UiB

• reise på utveksling

30 av dei 60 frie studiepoenga må brukast til å oppfylle kravet om breiddekomponent (sjå under «Obligatoriske emne»).

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 studiepoeng)
  • LES100 – Les og skriv (10 studiepoeng)
  • ARK100 – Innføring i arkeologi (10 studiepoeng)


2. semester (vår)

  • ARK130 – Menneske, utvikling og samfunn: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr. (15 studiepoeng)
  • ARK131 – Materialkurs 1: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr. (5 studiepoeng)
  • Eitt av emna RIT101 - Rituelle praksisar i tverrfagleg perspektiv (10 studiepoeng), ARK112 - Bronsealderarkeologi (10 studiepoeng) eller ARK113 - Temaer i neolittisk arkeologi (10 studiepoeng).

3. semester (haust)

  • ARK140 - Middelhavet, Nord-Europa og Norden fra ca. 500 f.Kr. til 1500 e.Kr.(15 studiepoeng)
  • ARK141 - Materialkurs 2: Middelhavet, Nord-Europa og Norden fra ca. 500 f.Kr. til 1500 e.Kr. (5 studiepoeng)
  • Eitt av emna KARV109 - Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda (10 studiepoeng), ARKUN110 - Innføring i antikken sin arkeologi og kunsthistorie (10 studiepoeng), ARK 121- Fordypning i Middelalder og tidlig moderne arkeologi (10 studiepoeng), ARK122 - Fordypning i skandinavisk jernalder (10 studiepoeng), ARK123 - Innføring i romersk arkeologi (10 studiepoeng), ARK124 - Landskap og miljø i arkeologi (10 studiepoeng) eller ARK125 - Bioarkeologi (10 studiepoeng)

4.-5. semester (vår og haust)

60 frie studiepoeng: emnepakkar, årsstudium, delstudium i utlandet eller andre valfrie emne

6. semester (vår)

  • ARK250 - Bacheloroppgave i arkeologi (15 studiepoeng)
  • ARK210 - Teori og metode i arkeologi (10 studiepoeng)
  • Eitt av emna ARK212 - Urbane studier i arkeologi (5 studiepoeng), ARK213 - Fordypning i arkeologisk teori og metode (2) (5 studiepoeng) eller ARK214 - Digitale metoder i arkeologi (5 studiepoeng)

Delstudium i utlandet

Programmet kan inkludere eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet over heile verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er University of Durham, Christian-Albrechts-Universität zu Kiel og Universitetet i Lund.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisingsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og vurderingsforma er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i ulike former for skriftleg presentasjon.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  1. A-F der F er ikkje bestått
  2. greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad i arkeologi kan gje grunnlag for vidare studium på masterprogram i

arkeologi.

Relevans for arbeidsliv

Dei som har tatt bachelorgrad i arkeologi har gode, solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Arkeologi opnar for arbeid mellom anna i offentleg forvaltning, på museum, i reiseliv, i skoleverket, i medieverksemder, internasjonalt arbeid eller i organisasjonslivet.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

Studierettleiar@ahkr.uib.no