
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Bli ekspert på vêr, hav og klima. Her bruker du matematikk, fysikk og koding til å forstå og kunne forklare verden som omgir oss. Du får etterspurd kompetanse i jobbmarknaden knytt til mellom anna risikoanalyse, klima- og vêrvarsling og berekraftig utnytting av naturressursar.
Bli ein del av eit unikt læringsmiljø som utfordrar deg og rustar deg til å møte dagens og morgondagens kompetansebehov. I studiet lærer du korleis vêr, hav og klima endrar seg og påverkar menneske, natur og næringsgrunnlag. Du får praktisk erfaring i å bruke koding til å utforske fysiske, kjemiske og statistiske samanhengar innanfor meteorologi og oseanografi, vitskapane om atmosfæren og havet . Du får moglegheit til å delta i spennande feltarbeid med forskingsskip og bruk av dronar for å samla inn data frå hav og atmosfære. Du dykkar ned i fagområde som hav og atmosfære dynamikk, kretsløp og klimafysikk ved hjelp av teori, numerisk modellering, statistikk og maskinlæring. Denne unike kompetansen dannar grunnlaget for avanserte vêrvarsel, effektiv havovervaking og klima- og risikoanalyse.
På Geofysisk institutt blir du ein del av eit engasjerande og inkluderande studentmiljø. Her samarbeider studentar på tvers av årskull med innleveringar og førebuingar til eksamen. Du kan forvente rundt seks dobbeltimar med forelesingar kvar veke, i tillegg til rekneøvingar. Praktisk læring inkluderer laboratorie- og dataøvingar, samt spennande tokt og feltarbeid. Lesesalsplassar finn du på Universitetsbiblioteket og i Allegaten 66.
I løpet av studiet skal studentane også ha praksis. Du får verdifull innsikt i arbeidslivet gjennom praksis i spennande bedrifter, og får bruke fagkunnskapen din på verkelege problemstillingar.
I den fine hagen framfor instituttet samlast studentar, særleg på varme dagar. Vårt aktive fagutvalet, Coriolis, arrangerer sosiale og faglege aktivitetar. Følg studentlivet på Instagram. Ved Geofysisk institutt er du ein del av Nordens største klimaforskingsmiljø.
Ein mastergrad i geofysikk – meteorologi og oseanografi gir deg ein svært ettertrakta kompetanse. Alt frå konsulentverksemd, grøn innovasjon og offentleg forvaltning til forsking og undervisning, med unik ekspertise i å forstå naturgitte forhold som vêr, hav og klima – essensielt for berekraftig ressursforvaltning, næring og teknologisk utvikling. Gjennom praksis får du moglegheit til å knyte kontakt med næringslivet og skaffe deg verdifull erfaring som du kan bruke på CV-en.
Arbeidsmarknaden etterspør kompetanse i matematikk, fysikk og koding, noko du meistrar etter dette studiet.
Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisning og litteratur vil vere på norsk og engelsk.
Integrert masterprogram i geofysikk – meteorologi og oseanografi er eit femårig fulltidsstudium. Dei første tre åra (1.-6. semester) er felles for alle studentane på kullet. Deretter avheng studieplanen av kva du vel å fordjupe deg i. Studiet blir avslutta med ei individuell masteroppgåve.
Du kan spesialisere deg i retningane
· Meteorologi
· Fysisk oseanografi
· Klimadynamikk
· Marin biogeokjemi
I løpet av studiet skal du gjennomføra 8 veker (om lag 300 timar) med praksis, som normalt blir gjennomført frå og med 2. til og med 4. studieår. Me har etablert eit nettverk med bedrifter for praksisplassar, men du står òg fritt til å finna praksisplass sjølv. Praksisplass godkjennast før oppstart av praksis, og gjennomført praksis må bekreftast i etterkant av gjennomført praksis.
Slik kan studiet sjå ut:
1. semester
MAT111 - Grunnkurs i matematikk (10 studiepoeng)
INF100 - Innføring i programmering (10 studiepoeng)
GEOF100 - Introduksjon til atmosfære, hav og klima (10 studiepoeng)
2. semester
MAT112 - Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng)
MAT121- Lineær algebra (10 studiepoeng)
PHYS111 - Mekanikk I (10 studiepoeng)
3. semester
GEOF105 - Atmosfære- og havfysikk (10 studiepoeng)
MAT212 - Funksjonar av fleire variablar (10 studiepoeng)*
KJEM110 - Kjemi og energi (10 studiepoeng), STAT110 - Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng) eller PHYS113 - Mekanikk 2 og termodynamikk (10 studiepoeng)
4. semester
MAT131 - Differensiallikningar (10 studiepoeng)
GEOF110 - Atmosfære-, hav- og klimadynamikk (10 studiepoeng)
MNSEM eller MNEKS - Ex.phil (10 studiepoeng)
5. semester
GEOF210 - Dataanalyse i meteorologi og oseanografi (10 studiepoeng)
SDG213 - Klimaendringar – årsaker og konsekvensar (10 studiepoeng)
INNOV201 - Innovasjon ved designtenkning (10 studiepoegn)
6. semester
GEOF211 - Numerisk modellering (10 studiepoeng)
GEOF232 - Praktisk meteorologi og oseanografi (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
7. semester
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
8. semester
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
Retningsval/valemne (10 studiepoeng)
9. semster
GEOF399 - Masteroppgåve (30 studiepoeng)
10. semester
GEOF399 - Masteroppgåve (30 studiepoeng)
Sjå «studieplan» under for konkrete val av emne for dei fire spesialiseringane.
* Ikkje obligatorisk for studentar som skal spesialisere seg i marin biogeokjemi
Det enklaste er å reise på utveksling i femte og/eller sjette (siste) semester. Vi har avtalar med utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt, blant anna i Tyskland, Austerrike og USA. Dette gjeld også for opphald på Svalbard (UNIS).
Ein integrert mastergrad i geofysikk - meteorologi og oseanografi gir formelt grunnlag for opptak til ph.d.-programmet og vidare forsking innan meteorologi, fysisk oseanografi, klimadynamikk og marin biogeokjemi.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Integrert masterprogram i geofysikk - meteorologi og oseanografi (sivilingeniør)