Studieplan for 5MAMN-GEOF Integrert masterprogram i geofysikk - meteorologi og oseanografi (sivilingeniør), høst 2025
Omfang og studiepoeng
Integrert masterprogram i geofysikk - meteorologi og oseanografi (sivilingeniør) har eit omgang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.
Namn på grad
Master i geofysikk - meteorologi og oseanografi (sivilingeniør)
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Integrert masterprogram i geofysikk - meteorologi og oseanografi (sivilingeniør) er utdanninga for deg som vil bruke matematikk, fysikk og kjemi til å berekne og beskrive vær, havsirkulasjon og klimaendringar. Gjennom moderne naturvitskap tileignar du deg ettertrakta kompetanse i dagens arbeidsmarknad, frå konsulentarbeid, via grøn innovasjon og offentleg forvaltning, til forsking og utdanning. Slik kan du bidra til å løyse utfordringar som dei knytt til klimaendringar, ekstremvær, klimagassar, havforsuring, og global oppvarming.
Studiet kombinerer meteorologi og oseanografi, vitskapane om atmosfæren og om havet. Du vil lære å kode for utforsking av fysiske, kjemiske og statistiske samanhengar, og du får høve til å delta i feltarbeid der du samlar inn måledata, f.eks. med forskingsfartøy eller bruk av dronar. Koding og arbeid med målingar er knytt til fagområde som energiutveksling, skyer, røyrsla og stoffkretsløp i hav og atmosfæren, og samspelet mellom desse. Studiet famnar òg om bruk av teori, statistiske metodar og rekning på datamaskiner, samt formidling til eit fagpublikum. Dette er grunnlaget for mellom anna forbetra værvarsel, havovervaking, og å føreseie klima i framtida, inkludert effekten av klimatiltak. I løpet av studiet skal du også ha 8 veker praksis (ca 300 timer).
Studiet inneberer fordjuping i ei av spesialiseringane meteorologi, fysisk oseanografi, klimadynamikk eller marin biogeokjemi. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt, og ein sentral del av masterstudiet, der studenten under rettleiing bidreg med ny kunnskap.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten
- kan nytte fagterminologien om atmosfærens og havets dynamikk, fysikk, biogeokjemi og termodynamikk og kan vise til avansert kunnskap om disse.
- kjenner til og kan ta stilling til aktuell forsking og debatt om det fysiske og biogeokjemiske klimasystemet (jord, atmosfære, hav)
- forstår koplingane mellom dei ulike delane av klimasystemet på et avansert nivå
- kjenner til den samfunnsmessige relevansen og utfordringane innan operasjonell vær- og havvarsling, samt klimaendring og klimavarsling
- har avansert kunnskap om matematiske, statistiske og numeriske metodar til analyse av geofysiske data
- kjenner til tverrfaglege problem med relaterte disiplinar, som informatikk og geovitskap
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte avanserte instrument for å utføre pålitelege målingar og forstår dei underliggjande måleprinsippa samt kjelder til usikkerheit
- kan kritisk vurdere datakvalitet og geofysiske informasjonskjelder, og jobbar systematisk med feil og usikkerheiter frå målingar og modellar
- kan nytte avanserte matematiske og statistiske metodar for analyse og visualisering av vær-, hav- og klimarelaterte problem ved bruk av koding
- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
- kan nytte kunnskapen sin på nye vitskaplege problem innan ein av fagområda meteorologi, fysisk oseanografi, klimadynamikk, eller marin biogeokjemi og tilknytte fagområde
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan formulere og diskutere analytiske strategiar og gjennomføre analysar av samansette problemstilinger
- kan jobbe med faglege spørsmål individuelt og i grupper
- kan analysere, tolke og diskutere sine eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte
- kan presentere munnleg og skriftleg, og forklare og diskutere komplekse problem med fagfeller
- har kunnskap om, og respekterer vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar, og veit skilnaden mellom vitskapleg kunnskap og meining
Opptakskrav
Generell studiekompetanse samt Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.
Opptakskode: SIVING.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske emne
For studentar som spesialiserer seg i meteorologi, er følgjande emne obligatoriske:
10. Semester (vår): GEOF399I (masteroppgave)
9. semester (haust): GEOF399I (masteroppgave)
8. semester (vår): GEOF321 – GEOF352 - val
7. semester (høst): GEOF313 – GEOF311 - val
6. semester (vår): val
5. semester (høst): GEOF210 – INNOV201 – SDG213
4. semester (vår): GEOF110 – MAT131 – EXPHIL-MNSEM
3. semester (høst): GEOF105 – MAT212 – STAT110/PHYS113/KJEM110 (val)
2. semester (vår): MAT112 – PHYS111 - MAT121
1. semester (høst): MAT111 – INF100 - GEOF100
Valemne i 7. og 8. semester veljast blant følgjande emne i samråd med rettleiar: GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236, GEOF301, GEOF310, GEOF322, GEOF328, GEOF336, GEOF337, GEOF338, GEOF339, GEOF343, GEOF346, GEOF347, GEOF348 og GEOF351
For studentar som spesialiserer seg i fysisk oseanografi, er følgjande emne obligatoriske:
10. Semester (vår): GEOF399I (masteroppgave)
9. semester (haust): GEOF399I (masteroppgave)
8. semester (vår): GEOF337 – GEOF339 - val
7. semester (høst): GEOF313 – GEOF310 - GEOF346
6. semester (vår): val
5. semester (høst): GEOF210 – INNOV201 – SDG213
4. semester (vår): GEOF110 – MAT131 – EXPHIL-MNSEM
3. semester (høst): GEOF105 – MAT212 – STAT110/PHYS113/KJEM110 (val)
2. semester (vår): MAT112 – PHYS111 - MAT121
1. semester (høst): MAT111 – INF100 - GEOF100
Valemne i 7. og 8. semester veljast blant følgjande emne i samråd med rettleiar: GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236, GEOF301, GEOF321, GEOF322, GEOF328, GEOF336, GEOF338, GEOF343, GEOF347, GEOF348, GEOF351 og GEOF352
For studentar som spesialiserer seg i klimadynamikk, er følgjande emne obligatoriske:
10. Semester (vår): GEOF399I (masteroppgave)
9. semester (haust): GEOF399I (masteroppgave)
8. semester (vår): GEOF339 – GEOF348 – GEOF352 - val
7. semester (høst): GEOF313 – val
6. semester (vår): val
5. semester (høst): GEOF210 – INNOV201 – SDG213
4. semester (vår): GEOF110 – MAT131 – EXPHIL-MNSEM
3. semester (høst): GEOF105 – MAT212 – STAT110/PHYS113/KJEM110 (val)
2. semester (vår): MAT112 – PHYS111 - MAT121
1. semester (høst): MAT111 – INF100 - GEOF100
Valemne i 7. og 8. semester veljast blant følgjande emne i samråd med rettleiar: GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236, GEOF301, GEOF310, GEOF311, GEOF321, GEOF322, GEOF328, GEOF336, GEOF337, GEOF338, GEOF343, GEOF346, GEOF347 og GEOF351.
For studentar som spesialiserer seg i marin biogeokjemi, er følgande emne obligatoriske:
10. Semester (vår): GEOF399I (masteroppgave)
9. semester (haust): GEOF399I (masteroppgave)
8. semester (vår): val
7. semester (høst): GEOF336- GEOF347 - val
6. semester (vår): GEOF236 - val
5. semester (høst): GEOF210 – INNOV201 – SDG213
4. semester (vår): GEOF110 – MAT131 – EXPHIL-MNSEM
3. semester (høst): GEOF105 – val – STAT110/PHYS113/KJEM110 (val)
2. semester (vår): PHYS111 - MAT121 - val
1. semester (høst): MAT111 – INF100 - GEOF100
Valemne i 7. og 8. semester veljast blant følgjande emne i samråd med rettleiar: MAT212, GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF301, GEOF310, GEOF311, GEOF313*, GEOF321, GEOF322, GEOF328, GEOF337, GEOF338, GEOF339, GEOF343, GEOF346, GEOF348, GEOF351 og GEOF352.
* MAT212 er eit krav for å ta GEOF313
Spesialisering
For studentar som spesialiserer seg i meteorologi, består spesialiseringa av følgjande emne:
PHYS111, MAT112, MAT121, MAT212, GEOF105, GEOF110, MAT131, GEOF210, GEOF212, SDG213, samt eitt av emna STAT110, KJEM110 eller PHYS113, samt GEOF311, GEOF313, GEOF321 og GEOF352
Valemne i 7. og 8. semester veljast blant følgjande emne i samråd med rettleiar: GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236, GEOF301, GEOF310, GEOF322, GEOF328, GEOF336, GEOF337, GEOF338, GEOF339, GEOF343, GEOF346, GEOF347, GEOF348 og GEOF351
For studentar som spesialiserer seg i fysisk oseanografi, består spesialiseringa av følgjande emne:
PHYS111, MAT112, MAT121, MAT212, GEOF105, GEOF110, MAT131, GEOF210, GEOF212, SDG213, samt eitt av emna STAT110, KJEM110 eller PHYS113, samt GEOF310, GEOF313, GEOF346, GEOF337 og GEOF339
Valemne i 7. og 8. semester veljast blant følgjande emne i samråd med rettleiar: GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236, GEOF301, GEOF321, GEOF322, GEOF328, GEOF336, GEOF338, GEOF343, GEOF347, GEOF348, GEOF351 og GEOF352
For studentar som spesialiserer seg i klimadynamikk, består spesialiseringa av følgjande emne:
PHYS111, MAT112, MAT121, MAT212, GEOF105, GEOF110, MAT131, GEOF210, GEOF212, SDG213, samt eitt av emna STAT110, KJEM110 eller PHYS113, samt GEOF313, GEOF339, GEOF348 og GEOF352
Valemne i 7. og 8. semester veljast blant følgjande emne i samråd med rettleiar: GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236, GEOF301, GEOF310, GEOF311, GEOF321, GEOF322, GEOF328, GEOF336, GEOF337, GEOF338, GEOF343, GEOF346, GEOF347 og GEOF351.
For studentar som spesialiserer seg i marin biogeokjemi, består spesialiseringa av følgjande emne:
PHYS111, MAT112, MAT121, GEOF105, GEOF110, MAT131, GEOF210, GEOF212, SDG213, GEOF236, samt eitt av emna STAT110, KJEM110 eller PHYS113, samt GEOF336 og GEOF347
Valemne i 7. og 8. semester veljast blant følgjande emne i samråd med rettleiar: MAT212, GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF301, GEOF310, GEOF311, GEOF313*, GEOF321, GEOF322, GEOF328, GEOF337, GEOF338, GEOF339, GEOF343, GEOF346, GEOF348, GEOF351 og GEOF352.
* MAT212 er eit krav for å ta GEOF313
Tilrådd studieplan for studieretningane og spesialiseringane i studieprogrammet:
Studieplan for studieretning meteorologi
10. Semester (vår): GEOF399I (masteroppgave)
9. semester (haust): GEOF399I (masteroppgave)
8. semester (vår): GEOF321 - GEOF352 - val
7. semester (høst): GEOF313 - GEOF311 - val
6. semester (vår): GEOF211 - GEOF232 - val
5. semester (høst): GEOF210 - INNOV201 - SDG213
4. semester (vår): GEOF110 - MAT131 - EXPHIL-MNSEM
3. semester (høst): GEOF105 - MAT212 - STAT110/PHYS113/KJEM110 (val)
2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - MAT121
1. semester (høst): MAT111 - INF100 - GEOF100
Studieplan for studieretning fysisk oseanografi
10. Semester (vår): GEOF399I (masteroppgave)
9. semester (haust): GEOF399I (masteroppgave)
8. semester (vår): GEOF337 - GEOF339 - val
7. semester (høst): GEOF313 - GEOF310 - GEOF346
6. semester (vår): GEOF211 - GEOF232 - val
5. semester (høst): GEOF210 - INNOV201 - SDG213
4. semester (vår): GEOF110 - MAT131 - EXPHIL-MNSEM
3. semester (høst): GEOF105 - MAT212 - STAT110/PHYS113/KJEM110 (val)
2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - MAT121
1. semester (høst): MAT111 - INF100 - GEOF100
Studieplan for studieretning klimadynamikk
10. Semester (vår): GEOF399I (masteroppgave)
9. semester (haust): GEOF399I (masteroppgave)
8. semester (vår): GEOF339 - GEOF348 - GEOF352 - val
7. semester (høst): GEOF313 - val
6. semester (vår): GEOF211 - GEOF232 - val
5. semester (høst): GEOF210 - INNOV201 - SDG213
4. semester (vår): GEOF110 - MAT131 - EXPHIL-MNSEM
3. semester (høst): GEOF105 - MAT212 - STAT110/PHYS113/KJEM110 (val)
2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - MAT121
1. semester (høst): MAT111 - INF100 - GEOF100
Studieplan for studieretning marin biogeokjemi
10. Semester (vår): GEOF399I (masteroppgave)
9. semester (haust): GEOF399I (masteroppgave)
8. semester (vår): val
7. semester (høst): GEOF336 - GEOF347 - val
6. semester (vår): GEOF211 - GEOF232 - GEOF236
5. semester (høst): GEOF210 - INNOV201 - SDG213
4. semester (vår): GEOF110 - MAT131 - EXPHIL-MNSEM
3. semester (høst): GEOF105 - MAT212/val - STAT110/PHYS113/KJEM110 (val)
2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - MAT121
1. semester (høst): MAT111 - INF100 - GEOF100
Tilrådde valemne
Følgjande emne er tilrådde valemne i studieprogrammet:
GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236, GEOF301, GEOF310, GEOF311, GEOF313, GEOF321, GEOF322, GEOF328, GEOF336, GEOF337, GEOF338, GEOF339, GEOF343, GEOF346, GEOF347, GEOF348, GEOF351, GEOF352, GEOF236, MAT160, MAT212, MAT213, MAT236, MAT252, MAT253, MAT261, MAT260, INF102, INF264, KJEM110, PHYS113, PHYS264, STAT110, STAT200, SDG213, GEOV298, VIT210
Rekkefølgje for emne i studiet
Studiet har to komponentar: Ein emnedel på 240 studiepoeng og ei individuell masteroppgåve på 60 studiepoeng. Alle emne som er oppført med emnekode er obligatoriske. Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under fagleg rettleiing.
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet gjennom ERASMUS-programmet eller opphald på UNIS er mogleg. Det er mogleg å skriva masteroppgåva ved UNIS.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av forelesingar, øvingar, praksis, laboratoriearbeid, tokt og feltarbeid. Detaljar om kvart emne finn du i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Studiet blir avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og godkjend. Vurderingsform for kvart emne er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Karakterskala
Ved UiB er det to karakterskalaer: bokstavkarakterar på skalaen A-F og bestått/ikkje bestått. For masteroppgåva vert bokstavkaraktar nytta. Karakterskala for kvart emne er omtalt i emneskildringa.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gjer grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
Med ein mastergrad i geofysikk - vær, hav og klima er du ettertrakta. I tillegg til anerkjend og etterspurd fagleg ekspertise, får du nødvendig kompetanse for det kunnskaps- og innovasjonsbaserte arbeidslivet som koding, lagarbeid, prosjekthandtering og kritisk tenking. Du kan gjere karriere i alt frå konsulentselskap, via grøn innovasjon og offentleg forvaltning, til forsking og utdanning. Arbeidsoppgåver inkluderer rådgjeving for næringsliv og samfunnstryggleik; utvikling, innovasjon og forsking for klimatilpassing og berekraftig samfunnsutvikling; prognosar og forvalting av fornybare energiressursar; planlegging og risikovurdering innan forsikring, luftkvalitet, hydrologi og landbruk. Ekspertar innan samfunnskritisk verksemd som værvarsling er det alltid bruk for. Mange av våre studentar rekrutterast difor av værvarslingssentrar som Meteorologisk institutt og innovasjonsretta internasjonale selskap som StormGeo. Ei mastergrad gir formelt grunnlag for opptak til ph.d.-programmet og vidare forsking innan meteorologi, fysisk oseanografi, klimadynamikk og marin biogeokjemi. Du vil òg vere godt egna for å drive formidling av vær- og klimainformasjon gjennom ulike medium. Sist, men ikkje minst, saman med pedagogisk utdanning, kan ei mastergrad nyttast til ei karriere som lektor og utdanninga av komande generasjonar naturvitarar.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:
Studieveileder@gfi.uib.no