Studieplan for BAHF-KUVI Bachelorprogram i kulturvitskap, høst 2026

Omfang og studiepoeng

Namn på grad

Bachelor i kulturvitskap

Fulltid/deltid

Fulltid 3 år/ deltid 6 år

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Kulturvitskap er studiet av kvardagskultur og korleis menneske skaper meining i tilværet. Studiet gir grunnleggande kunnskap om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen. Både kulturhistorie og kulturanalyse av samtidsfenomen står sentralt i studiet, og kultur vert analysert som ein viktig dimensjon i eit globalisert og moderne samfunn. Kulturvitskap handlar mellom anna om materialitet, kulturarv og forteljartradisjonar frå folkeeventyr og segner til konspirasjonsteoriar. Kulturvitskap behandlar også dei kulturelle dimensjonane ved ei rekke andre sider ved kvardagslivet, som til dømes miljø og berekraft, kjønn og seksualitet, og møte med det overnaturlege.

Studiet gir også innsikt i utviklinga av moderne kulturstudiar og faghistoria meir generelt. I tillegg gir faget innsikt i ulike metodiske og teoretiske tilnærmingar som er sentrale i kulturvitskapen.

Bachelorgraden i kulturvitskap inneheld òg ein breiddekomponent, som betyr at studiet i kulturvitskap blir kombinert med minst eitt anna fagområde. Studentar vel fritt kva breiddekomponenten skal innehalde. Breidde i utdanninga gir studentane innsikt i fagområde utanfor eiga spesialisering. Dette breie faglege grunnlaget fremmar kritisk tenking, kreativitet og fleksibilitet - eigenskapar som er verdifulle både i vidare studium og i arbeidslivet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

• har grunnleggande teoretiske og empiriske kunnskapar om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen.

• har kunnskapar om ei rekke fenomen i fortid og notid, blant anna forteljing, folketru og forestillingsverder, kulturarv, materialitet og museumsprosessar, kjønn og seksualitet, og humanistisk forståing av miljø og berekraft.

• har fordjupa kunnskap om eit sentralt felt i kulturvitskapen.

• har grunnleggande kunnskap om viktige metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget.

Ferdigheiter
Kandidaten


• har grunnleggande innsikt i kulturvitskaplege tenkemåtar.

• har tileigna seg omgrep og teoriar som er grunnleggande i kulturvitskapen, og som kan brukast for å studere kulturelle fenomen i fortid og notid.

• har grunnleggande ferdigheiter i å analysere ulike sider ved kvardagslivet i fortid og notid med kulturvitskaplege perspektiv.

• har grunnleggande ferdigheiter i å handtere eit kjeldemateriale med kvalitative metodar.

Generell kompetanse
Kandidaten


• har grunnleggande kulturfagleg kompetanse og kan forstå og analysere kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.

• kan sette seg inn i nye problemfelt og sjå og analysere saker frå fleire sider.

• har grunnleggande kompetanse i akademisk argumentasjon.

• har grunnleggande kompetanse i å formidle kulturvitskapleg kunnskap både munnleg og skriftleg.åde munnleg og skriftleg.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk og skandinaviske språk er ein føremon.

Innføringsemne

Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og LES100 – Les og skriv (10 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. I tillegg er det tilrådd at ein i første semester tar KUVI100.


Tilrådd første semester:
Ex.phil (10 studiepoeng)
Les og skriv (10 studiepoeng)
KUVI100 (10 studiepoeng)

Obligatoriske emne

KUVI101, KUVI104, KUVI105 og KUVI250 er obligatoriske i ei spesialisering i kulturvitskap.

  • I tillegg må ein velje eitt av dei følgande emna:
  • Og i tillegg må ein velje eitt av dei følgande emna:
  • Enten KUVI106 eller KUVI108.
  • KUVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Bachelorprogrammet i kulturvitskap har ein obligatorisk breiddekomponent på 30 studiepoeng. Dette vil seie at studentar må ta minst 30 studiepoeng med emne utanfor faget kulturvitskap. Dette er jf. HF sine utfyllande reglar til § 10-3 i UiB si studieforskrift.

Spesialisering

Graden må innehalde ei spesialisering i kulturvitskap på 90 studiepoeng.

KUVI101, KUVI104, KUVI105 og KUVI250 er obligatoriske i ei spesialisering i kulturvitskap.

  • I tillegg må ein velje eitt av dei følgande emna:
  • Og i tillegg må ein velje eitt av dei følgande emna:
  • Enten KUVI106 eller KUVI108

Tilrådde valemne

Bachelorgraden i kulturvitskap inneheld 60 frie studiepoeng. I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevant for si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ved Det humanistiske fakultet er det ei rekke ulike alternativ for bruken av frie studiepoeng. Det er mellom anna mogleg å:

• velje blant fleire emnepakkar på fakultetet

• velje emne frå liste som er sortert etter tema/område

• ta eit av HF sine årsstudium

• fritt velje blant alle opne emne på UiB

• reise på utveksling

30 av dei 60 frie studiepoenga må brukast til å oppfylle kravet om breiddekomponent (sjå under «Obligatoriske emne»).

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 studiepoeng)
  • LES100 – Les og skriv (10 studiepoeng)
  • KUVI100 – Innføring i kulturvitskap (10 studiepoeng)

2. semester (vår)

  • KUVI101 – Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitenskapelige syn på verden (15 studiepoeng)
  • KUVI105 – Tingene og vi. Materialitet og mening (15 studiepoeng)

3. semester (haust)

  • KUVI104 – Fortelling og fortolkning fra folkeeventyr til falske nyheter (15 studiepoeng) og
    • anten KARV109 – Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda (10 studiepoeng) og KARV110 – Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda, tillegg (5 studiepoeng)
    • eller MILHUM202 – Tema i miljøhumaniora (10 studiepoeng) og MILHUM203 – Tema i miljøhumaniora, tillegg (5 studiepoeng)
    • eller HIK111 – SEX: Seksualitetens moderne kulturhistorie (15 studiepoeng)

4.-5. semester (vår og haust)

  • 60 frie studiepoeng: emnepakker, årsstudium, delstudium i utlandet eller andre valfrie emne

6. semester (vår)

  • KUVI250 – Bacheloroppgave i kulturvitenskap (15 studiepoeng)
    • anten KUVI106 – Kjønn, seksualitet, kultur (15 studiepoeng)
    • eller KUVI108 – Museologi (15 studiepoeng)

Delstudium i utlandet

Programmet kan inkludera eit delstudium i utlandet for dei som ønsker det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gi både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i heile verda. Ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon.

Eit utanlandsopphald bør planleggast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, heimeeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad i kulturvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i kulturvitskap.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i kulturvitskap gir kunnskapar og ferdigheiter til å analysere samtidsfenomen i eit historisk lys, og sjå mønster og samanhengar som er nyttige i mange yrke. Arbeidsplassar der kulturvitskapleg kompetanse er særleg etterspurd, er for eksempel museum, kulturarvssektoren, arkiv og kulturadministrasjon, men også medie- og informasjonsverksemder.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål Studierettleiar@ahkr.uib.no