Medisin (profesjon, 6 år)
Medisinstudiet lærer deg korleis organa fungerer, kva som skjer i kroppen ved sjukdom, og om ulike faktorar som påverkar helsa. Studiet gir autorisasjon som lege. Vel mellom campus Bergen, campus Bergen/Stavanger eller campus Bergen/Førde.
- Varigheit
- 6 år
- Studieplassar
- 225
- Studiepoeng
- 360
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Som lege må du forstå korleis menneske i krise har det, og korleis deira behov for tryggleik best kan ivaretakast. Du vil lære korleis kroppen er sett saman, i tillegg til å møte menneske i ulike livsfasar og situasjonar. Studiet integrerer teori og pasientnær klinisk undervisning. Vi diskuterer profesjonalitet og identitet som lege, og legg vekt på undervisnings- og vurderingsformer der studentane har ei aktiv rolle. Vi tilbyr ei forskarlinje for deg som er interessert i medisinsk forsking og som kan tenke deg å forske parallelt med studia.
Etter medisinstudiet skal du kunne
- gjennomføre medisinske konsultasjonar og kommunisere med pasientar og pårørande på ein profesjonell og empatisk måte
- identifisere problemstillingar, gjennomføre diagnostikk, iverksette behandling og/eller førebyggande tiltak
- gi god oppfølging ved ulike sjukdomsgrupper og tilstandar i samarbeid med pasienten og andre
Studiekvardag
Du kan vente deg ein variert studiekvardag med både praktisk og teoretisk undervisning, i tillegg til lengre periodar med praksisutplassering på sjukehus og legekontor.
Du møter pasientar tidleg i undervisninga, og i valfrie periodar kan du fordjupe deg i tema du er spesielt interessert i. Du møter også engasjerte legar som rettleier deg i rolleforståing og forventningar til legeyrket. Som ny student får du tilbod om å delta i ei mentorgruppe.
Uansett kva for ein campus du vel, vil dei første tre studieåra vere i Bergen.
- Campus Bergen: du har alle seks åra dine i Bergen.
- Campus Bergen/Stavanger: etter tre år i Bergen, tek du dei siste tre åra i Stavanger.
- Campus Bergen/Førde: etter tre år i Bergen, tek du dei tre siste åra i Førde.
MERK: det er ikkje mogleg å bytte mellom campus Bergen, campus Bergen/Stavanger eller campus Bergen/Førde etter at du har starta på studiet.
Kva kan du jobbe som?
Medisinstudiet gir autorisasjon som lege og kvalifiserer til begynnarstillingar (LIS –«lege i spesialisering») i det offentlege helsevesenet. Etter studiet kan du spesialisere deg innan ei rekke ulike fagfelt. Spesialiseringa i etterkant av studiet blir koordinert av Helsedirektoratet. Når du er i spesialisering er du samtidig i betalt jobb.
Legar er også attraktive i offentleg forvaltning og i privat sektor. Som lege kan du arbeide på sjukehus, som fastlege i primærhelsetenesta eller på andre område som krev medisinsk kompetanse.
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.
Campus Bergen (også vist ovanfor)
Studieplassar: 165
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 67.2
Primær kvote: 58.4
Campus Bergen/Stavanger
Studieplassar: 40
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 66.1
Primær kvote: 57.3
Campus Bergen/Førde
Studieplassar: 20
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 65.9
Primær kvote: 56.7
Ver merksam på at studentar må ha norsk pass, norsk ID-kort eller tilsvarande utanlandske ID-papir/pass som er godkjende av norske styresmakter, i tillegg til Bank-ID, for å bruke datasystema til helsetenestene i praksisutplassering i dette studiet. Utan gyldig Bank-ID eller tilsvarande identifikasjonsløysing med høgaste tryggleiksnivå vil du ikkje kunne gjennomføre studiet. Sjå nettsidene til Digitaliseringsdirektoratet for meir informasjon.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Som medisinstudent har du fleire praksisperiodar i løpet av studiet. Praksis begynner i fjerde studieår, men allereie dei tre første åra vil du ha klinisk undervisning på sjukehus og vil møte pasientar.
Du skal i praksis både på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Frå og med fjerde året blir det lengre praksisopphald i psykiatri, indremedisin, kirurgi, obstetrikk/gynekologi og pediatri, allmennmedisin og samfunnsmedisin.
Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste ved å trykke på kvart emne i lista nedanfor.
Studentar på campus Bergen, campus Bergen/Stavanger og campus Bergen/Førde tar dei same emna dei tre første åra.
Slik er studiet lagt opp:
1. studieår:
Ex.phil.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
DIGI100 - Digital student - Nettkurs i digitale arbeidsmetodar og teknologi for læring (0 studiepoeng)
DIGI101 - Digital kjeldekritikk (0 studiepoeng)
MEDOD1 - Første semester medisin- og odontologistudiet (17 studiepoeng)
MED2 - Andre semester medisinstudiet (8 studiepoeng)
MEDOD2 - Andre semester medisin- og odontologistudiet (25 studiepoeng)
2. studieår:
MED3 - Tredje semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
MED4 - Fjerde semester medisinstudiet (33 studiepoeng)
3. studieår:
MED5 - Femte semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
MED6 - Sjette semester medisinstudiet (27 studiepoeng)
4. - 6. studieår:
Sjå emneliste for medisinstudiet campus Bergen år 4-6
Sjå emneliste for medisinstudiet campus Bergen/Stavanger år 4-6
Sjå emneliste for medisinstudiet campus Bergen/Førde år 4-6
*Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle grunnstudium ved UiB.
Merk: Det kan skje mindre strukturelle endringar i studieprogrammet (som rekkefølge på emne ol.), då studieplanen er under revisjon.
Studieretningar
Spesialiseringar i denne graden.
Utveksling
På medisinstudiet har du mange moglegheiter til å reise ut, enten på korte opphald, over eit heilt semester, eller til og med eit heilt år. Vi har mange gode utvekslingsavtalar som gjer at du ikkje blir forsinka i studia sjølv om du reiser på utveksling.
Vidare studiemoglegheiter
Medisinstudiet kvalifiserer deg for forskarutdanning på ph.d.-programmet i medisin, som fører fram til doktorgrad. Forskarlinjestudentar som etter fullført medisinstudium får opptak til ph.d.-programmet, vil kunne fullføre vidare utdanning på kortare tid.
Spørsmål om studiet?
Telefonen er open kvardagar frå 12.00-14.00.
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.