Senter for norsk fagspråk - Fagspråksenteret
Ved Universitetet i Bergen vil Senter for norsk fagspråk samle mange av dei norske språkvitskaplege miljøa i ei storstilt satsing dei neste åtte åra. Fagspråksenteret er finansiert av Norges forskningsråd.
Om forskingssenteret
For å kunne delta i utdanning, arbeidsliv og ein demokratisk samfunnsdebatt treng me eit velfungerande norsk fagspråk. Senter for norsk fagspråk – Fagspråksenteret – skal utvikle ny, empirisk kunnskap om rolla fagspråket spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Målet er å styrke norsk som eit samfunnsberande språk i møte med digitalisering, globalisering og aukande bruk av engelsk.
Senteret samlar forskarar frå heile landet og fleire fagfelt – frå leksikografi, terminologi og fagspråk, norsk som andrespråk og fleirspråklegheit og namnegransking, til helse- og omsorgsfag, berekraft, meteorologi, og sikkerheit og samfunnsberedskap. I fokus står utvikling av teori, metode og praksis som styrkjer norsk språkforsking og fleksible og berekraftige studietilbod.
Me vil studere korleis fagspråk blir brukt i utdanning, forsking og arbeidsliv – og kva som skjer når norskkompetansen ikkje strekk til. Me skal òg undersøke korleis engelsk påverkar norsk fagspråk og utvikle strategiar for parallellspråkbruk tilpassa eit fleirspråkleg norsk samfunn.
Språkteknologi er integrert i forskinga, og me utviklar språkdata som støttar utviklinga av norske språkmodellar. Senteret bidreg med forsking knytt til leksikografiske, namnefaglege og terminologiske ressursar ved Språksamlingane.
Samarbeid
Fagspråksenteret skal fremje samarbeid mellom ulike forskingsmiljø knytt til norsk språk, både med omsyn til geografi, sektorar og forskingsfelt. Ei rekke forskningsinstitusjonar, brukargrupper i offentlig og privat sektor, språkforskarar og UiB sine eigne språkressursar inngår i samarbeidet ved senteret.
Les meir om samarbeidet ved Fagspråksenteret
Bakgrunn
For at norsk skal kunne oppretthaldast som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, la regjeringa i 2023 fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia (ekstern lenke). Der er det overordna målet at «domenetapet til engelsk skal motverkast og etter kvart bli snudd», og universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) er peikt ut som sentral for å motarbeide domenetap.
Les meir om bakgrunnen for opprettinga av Fagspråksenteret
Fokusområde
Fagspråksenteret sitt viktigaste forskingsspørsmål er:
- Kva for innovasjonar trengst i norsk språkvitskap for at nasjonen skal kunne sikre posisjonen for norsk fagspråk og norsk generelt som eit samfunnsberande språk?
Aktivitetane i senteret skal bidra til desse nyvinningane, og ei tverrfagleg tilnærming er nødvendig for å svare på dette overordna spørsmålet. Forskinga er difor organisert i ulike fokusområde:
Personer
Senterleiar
Marita Kristiansen Leiar
Ann-Kristin Helland Gujord Nestleiar
Sentermedlemmar Terminologi og fagspråk
Sentermedlemmar Fagspråk i utdanning og arbeidsliv
Sentermedlemmar Leksikografi og allmennspråk
Sentermedlemmar Namnegransking
Sentermedlemmar Språkteknologi og Utdanning
Samia Touileb Leiar Språkteknologi
Gunn Inger Lyse Samdal Nestleiar Språkteknologi
Mona Vervik Uthaug Leiar Utdanning
Kontakt
Har du spørsmål eller idear til samarbeid: Ta kontakt med senterleiar Marita Kristiansen.
- Telefonnummer
- +47 55 58 30 69
- E-post
- marita.kristiansen@uib.no