Biomedisin (master)

Med ein mastergrad i biomedisin kan du lære å forstå helsa og funksjonane til menneskekroppen frå det fysiologiske til cellenivå. Biomedisin speler ei sentral rolle i utforminga av medisinfaget for framtida, gjennom forsking på korleis vi forstår sjukdomsmekanismane og utvikling av nye legemiddel.

Kva lærer du?

Med ein mastergrad i biomedisin kan du lære å forstå helsa og funksjonane til menneskekroppen.

Med mastergrad i biomedisin kan du  

  • kritisk analysere sentrale teoriar, metodar og resultat innan fagfeltet biomedisin, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing   
  • gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer   
  • bruke kunnskapar og ferdigheiter du har lært i masterstudiet på nye område, og gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt  
     

Effekten av nye funn i biomedisin er betydeleg: Vi utviklar teknologi som kan redusere produksjonskostnadene for medisin, vi analyserer utvikling og progresjon i kreft, og vi utviklar Molecular Imaging-teknikkar. Å motverke infeksjonssjukdommar gjennom nye behandlingsmåtar og vaksinar har mykje å seie for levestandarden i utviklingsland. 

Studiekvardag

Første året arbeider du med fagemne, les teori, blir kjent med andre studentar og etter kvart med forskjellige forskingsgrupper.   

Andre året arbeider du i laboratoriet og blir integrert i forskingsgruppa som passar til masteroppgåveprosjektet. Du blir tildelt kontorplass saman med andre masterstudentar ved instituttet, slik at du kan arbeide med prosjektet. Du skriv masteroppgåva, inkludert teoretisk arbeid og laboratoriearbeid saman med forskingsgruppa. Dette blir samanlagt ei full arbeidsveke.  

Masterprogrammet krev både sjølvstendig arbeid og samarbeid i grupper, saman med andre studentar og tilsette i forskingsgruppa. Du får opplæring i “mjuke” ferdigheiter som skriving av vitskaplege tekstar og vitskapsformidling. 

Kva kan du jobbe som?

Mastergrad i biomedisin kvalifiserer deg til 

  • vitskapleg forskning og andre akademiske stillingar  
  • tekniske stillingar i forskingslaboratorium (avdelingsingeniør)  
  • forelesar i utdanningssektoren   
  • administrativ konsulent – offentlege og private føretak   
  • HMS-konsulent   
  • forskingsformidlar 
      

92 prosent av tidlegare studentar med mastergrad i biomedisin frå Det medisinske fakultet melder at dei har relevant jobb to år etter at dei avslutta studia.   

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt."

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Dei generelle opptakskrava for master på UiB
Dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i biomedisin er eit toårig fulltidsstudium som startar i august kvart år. Fagfeltet biomedisin drøftar spørsmål som:  

Kva er dei cellulære prosessane/linjene i sjukdommar?   

Korleis er genotypen i forskjellige sjukdommar?           

Korleis samhandlar gen og miljø?  

Kan vi forbetre/styrke den terapeutiske effekten?  

Korleis fungerer hjernen? 


1. semester 

Første semester har du 40 timar med forelesingar og laboratoriearbeid per veke. Det meste er obligatorisk.  

Obligatoriske emne:   

HELVIT300 - Helsefagleg relevant vitskapsteori og forskingsetikk (5 studiepoeng) 

BMED320 - Metodar i biomedisinsk forsking (25 studiepoeng) 

Val av tema for masteroppgåva   


2. semester  

Andre semester har du om lag 10 timar med forelesingar og andre aktivitetar per veke. Det varierer, avhengig av kva emne du vel. Vanlegvis er forelesingane anbefalte og dei andre aktivitetane obligatoriske. 

Semesteret består av valfrie emne på til saman 30 studiepoeng som er relevante for ditt forskingsfelt. Du kan velje andre emne (både ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar) så lenge desse er godkjent av rettleiaren og programutvalet. 

Tilrådde valemne

BMED326 - Proteinstrukturbestemming, validering og analyse (5 studiepoeng)

BMED330 - Cellekommunikasjon og intracellulær signalering (10 studiepoeng)

BMED331 - Tumorbiologi (10 studiepoeng)

BMED340 - Cellulær og molekulær nevrovitenskap (10 studiepoeng)

BMED365 - Computatinal imaging, modellering og KI i Biomedisin (10 studiepoeng)

BMED370 - Berekningsmetodar for legemiddeldesign (5 studiepoeng)

BMED380 - Seminarserie (5 studiepoeng)

CAREIN - Kurs i forsøksdyrlære, laboratoriedyr, teori, funksjon A, B og D (8 studiepoeng)

ELMED219 - Kunstig intelligens og beregningsorientert medisin (6 studiepoeng)

HUIMM307 - Basic Course in Flow Cytometry (5 studiepoeng)

HUIMM320 - Basal immunologi (5 studiepoeng)

HUMGEN301 - Human Molecular Genetics (5 studiepoeng)

HUPAT301 - Basal humanpatologi (5 studiepoeng)

Liste over alle emne ved UiB. 


3. og 4. semester  

BMED395 - Masteroppgåve i biomedisin

Du kan velje frå dei tilgjengelege masteremna eller finne eit tema du er spesielt interessert i. Deretter skal prosjektet for masteroppgåva godkjennast av programutvalet.   

Du har møte med rettleiaren din regelmessig. Du får individuell rettleiing gjennom heile forskingsprosjektet i laboratoriet, også når du skriv på masteroppgåva. 

Utveksling

Det finst mange alternativ dersom du vil på delstudium i utlandet. Som medlem av Nettverk for masterprogram innan biomedisin har vi avtalar med universitet i Sverige, Finland og Danmark.  

Her kan du ta fagemne (tredje semester), utføre laboratorieprosjekt og ta laboratoriedelen av masteroppgåva (tredje og fjerde semester). 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Om du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak til eit doktorgradsstudium ved UiB eller eit anna universitet.

Spørsmål om studiet?

Telefonen er open kvardagar mellom 12.00-14.00

Telefonnummer: 55586400
E-post: info.med@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i biomedisin