Studieplan for BAHF-ARAB Bachelorprogram i arabisk språk med Midtaustens historie, vår 2026

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i arabisk med Midtaustens historie har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Namn på grad

Bachelor i arabisk med Midtaustens historie

Fulltid/deltid

Vi tilrår studenten å ta programmet på fulltid, både av faglege, pedagogiske og praktiske omsyn. Ein fulltidsstudent skal ta 30 studiepoeng per semester. Studentar med behov for å studere på deltid må ta kontakt med studierettleiar for å få tilpassa utdanningsplanen.

Undervisningsspråk

Programmet er bygd opp av fleire emne i arabisk og historie. Undervisninga i historie vil i all hovudsak gå føre seg på norsk og/eller engelsk. I arabiskemna vil undervisningsspråket veksle mellom å vere norsk, engelsk og arabisk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneskildringa.

Studiestart - semester

Studiet startar om hausten. Nye programstudentar må møte til eit studiestartsmøte i velkomstveka. Det er obligatorisk å delta på dette møtet. Viss du ikkje kan møte må du melde ifrå til studierettleiar om gyldig fråvær så raskt som mogleg.

Ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon om studiestart eller dersom du må melde frå om gyldig fråvær frå studiestartmøtet. Kontakt oss på e-post: studierettleiar.if@uib.no

Mål og innhald

Variantar av arabisk vert snakka av meir enn 350 millionar menneske i Midtausten og Nord-Afrika og omlag like mange har arabisk som andrespråk. I mellomalderen var arabisk berar av ein av dei rikaste vitskaplege og litterære kulturane i verda, og er framleis eit særs viktig språk både i religiøs og kulturell samanheng, òg når det gjeld politikk og økonomi. Arabisk er dessutan eitt av dei seks offisielle språka i FN, og i Noreg utgjer arabisktalande ein av dei største språklege minoritetane. Moderne standardarabisk (MSA) er eit skriftspråk som må lærast, også av dei som har arabisk (dialekt) som morsmål.

Programmet inkluderer intensiv språkopplæring i moderne standardarabisk opp til eit mellomnivå. Det er sentralt å gi studentane ei grundig opplæring i praktisk arabisk grammatikk og andre faglege hjelpemiddel. I tillegg har programmet som eit klart mål å gi studentane ei innføring i arabisk språkkunnskap (språkhistorie, sosiolingvistikk og dialektlære). På dette viset vil studenten ha evne til å bruke arabisk språk på ein reflektert og kritisk måte som gjer at studenten sjølv kan vidareutvikle eigne språkkunnskapar og ferdigheiter etter avslutta studium.

Studenten vil også få lære meir om Midtaustens historie og få innsikt og kompetanse i bruk av historiske kjelder, teoriar og metodar. Ved å kombinere historie og arabisk språkvitskap får ein til saman ein større kunnskapspakke. Dette styrkar studentanes ferdigheiter og fordjupa kunnskap om Midtausten i heilskap. Studentane vil få arbeide sjølvstendig og i grupper med å hente inn og analysere informasjon om arabisk språk og historie og formidle det dei kan med faglege omgrep. Studentane skal også reise ut på eit studieopphald ved ein språkskule i eit land i Midtausten.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • har personleg erfaring frå møte med Midtaustens språk og kultur gjennom eit lengre opphald i Midtausten.
  • kan tilstrekkeleg om arabisk grammatikk til å bruke ein rot-basert ordbok.
  • kan forklare særtrekk ved arabisk språkhistorie, dialekt og forholdet mellom moderne standartarabisk og dialekt (diglossi).
  • kan forklare praktisk-relevante aspekt om språkbruk i offentlegheita, arbeidsplassar og den private sfære og bruke desse i språkforståing.
  • kan bruke relevante språkteknologiske verktøy for å forstå og å arbeide aktivt med moderne standardarabisk og dialektar.
  • kan forklare dei viktige fasane så vel som dei lange linene i Midtaustens historie frå 600-talet og fram til i dag.
  • har kjennskap til historieforsking og grunnleggande prinsipp for historisk kjeldekritikk av skriftlege kjelder frå fleire historiske periodar.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan lese, skrive (med hjelpemidlar), snakke og forstå moderne standardarabisk på mellomnivå.
  • kan relatere grammatisk kunnskap og analyse til forståing av arabisk tekst og praktiske utfordringar i omsetjing frå norsk til arabisk og omvendt.
  • kan reflektere over og jobbe sjølvstendig med eigen språklæring etter fullført program.
  • kan bruke teoretiske omgrep og metodiske ferdigheiter på kjeldemateriale, kritisk og konstruktiv, for å svare på språkvitskaplege og historiske problemstillingar.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bruke kunnskapar om språk på ein kritisk og sjølvstendig måte.
  • kan demonstrere eit kritisk forhold til tekst på eit fagleg nivå, tolke tekstar og kjelder i kontekst og reflektere over teksten si rolle i kommunikasjonssituasjon.
  • kan utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid.
  • kan vurdere aktuelle etiske og faglege problemstillingar knytt til bruken av språkteknologiske verktøy og kritisk vurdere eigen bruk.
  • kan samarbeide om prosjektoppgåver å gi og ta imot konstruktiv kritikk i mindre grupper.

Opptakskrav

Personar med generell studiekompetanse eller realkompetanse kan søke opptak til bachelorprogrammet i arabisk. Les meir om "generell studiekompetanse" på Samordna opptak.

Tilrådde forkunnskapar

I arabiskemna vil deler av pensum vere på engelsk på eit høgare akademisk nivå. Studentane bør ha gode leseferdigheiter i engelsk. På same vis vil studentane måtte meistre det å lese faglitteratur og arbeide med tekster og oppgåver på norsk.

Innføringsemne

Innføringsemna skal gi kandidaten nok kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse til å ta fatt på vidare studium. Studentane må ta følgjande tre emne det første semesteret:

  • EXPHIL Examen philosophicum
  • LES100 Les og skriv
  • ARA100 Innføring i arabiskfaget og moderne standardarabisk

Vi oppmodar studentar som tidlegare har tatt eitt eller fleire av emna eller liknande om å ta kontakt med studierettleiar for eventuelt å byte om på eller erstatte desse med andre.

Obligatoriske emne

EX.PHIL. Examen philosophicum

LES100 Les og skriv

ARA100 Innføring i arabiskfaget og moderne standardarabisk

ARA120 Arabisk grammatikk

ARA121 Omsetjing og praktisk bruk av arabiskfagets verktøy

ARA122 Arabisk sosiolingvistikk

ARA210 Arbeid med arabiske tekstar

ARA220 Kommunikasjon og språk i felt

HIM101 Oversyn over Midtaustens historie

HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie

HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder

Spesialisering

For å kunne oppnå læringsutbyta i denne studieplanen skal studentane spesialisere seg i arabisk språk og historie. Spesialiseringa har eit samla omfang på 130 studiepoeng, med 85 studiepoeng i arabiskemne og 45 i historieemne.


Arabiskemne:

ARA100 Innføring i arabiskfaget og moderne standardarabisk (10 studiepoeng)

ARA120 Arabisk grammatikk (15 studiepoeng)

ARA121 Omsetjing og praktisk bruk av arabiskfagets verktøy (10 studiepoeng)

ARA122 Arabisk sosiolingvistikk (5 studiepoeng)

ARA210 Arbeid med arabiske tekstar (15 studiepoeng)

ARA220 Kommunikasjon og språk i felt (30 studiepoeng)


Historieemne:

HIM101 Oversyn over Midtaustens historie (15 studiepoeng)

HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie (15 studiepoeng)

HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 studiepoeng)

Tilrådde valemne

Kvar student har 30 valfrie studiepoeng i graden. Vi oppmodar studentane til å bruke desse på emne i historie eller på delstudium i utlandet. Her er tre måtar frie studiepoeng kan verte brukt på:

1. Kvalifisere for master i historie ved Universitetet i Bergen (UiB)

I bachelorgraden oppnår studenten i alt 45 studiepoeng i historie. For å kvalifisere for opptak til masterprogrammet i historie ved UiB må studenten vise til minst 60 studiepoeng i faget og difor planlegge for å ta minst 15 studiepoeng i historie i femte semester som del av dei 30 frie studiepoenga. I femte semester kan studenten velje mellom følgande historieemne: HIM103, HIM104, HIM105, HIS108, HIS114, HIS115, HIS116, HIS108 og HIS130.

Sjå nettsida «Opptak til 2-årige masterprogram» for meir info om generelle opptakskrav til våre masterprogram.

2. Reise på utveksling

Studentane kan reise på utveksling til eit vertsuniversitet for å ta frie studiepoeng. Vi oppmodar studentane til å reise til eit universitet i Midtausten (eks. The University of Jordan) eller til eit universitet (eks. Universitetet i København) som kan tilby emne som gir kunnskap om Midtausten.

3. Frie emne ved UiB – aktuelle fagkombinasjonar

Studenten kan også velje å bruke dei frie studiepoenga på studium i andre fag for å oppnå kunnskap og kompetanse, til dømes i religionsvitskap, språkfag, samfunnsvitskaplege fag (sosialantropologi, samanliknande politikk, sosiologi, geografi), estetiske fag eller i emne som gir økt digital forståing, kunnskap og kompetanse (DIGI-pakken).

Det er ikkje noko fasit på kva ein bør velje. Difor oppmodar vi kvar student til å ta kontakt med både studierettleiar på programmet og karriererettleiar for ein prat om val av frie emne og kvifor.

Rekkefølgje for emne i studiet

For å kome i mål med studiet bør studenten ta emna i følgjande rekkefølgje:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum
  • LES100 Les og skriv
  • ARA100 Innføring i arabiskfaget og moderne standardarabisk

2. semester (vår)

  • ARA120 Arabisk grammatikk
  • ARA121 Omsetjing og praktisk bruk av arabiskfagets verktøy
  • ARA122 Arabisk sosiolingvistikk

3. semester (haust)

  • ARA210 Arbeid med arabiske tekstar
  • HIM101 Oversyn over Midtaustens historie

4. semester (vår)

I emnet, ARA220 Kommunikasjon og språk i felt, skal studentane reise på eit studieopphald i om lag tre månadar til eit land i Midtausten.

5. semester (haust)

Studenten skal ta 30 frie studiepoeng. Du finn råd og meir informasjon om bruk av frie studiepoeng i denne studieplanen under rubrikkane "Tilrådde valemne" og "Delstudium i utlandet".

6. semester (vår)

HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie

HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder

Delstudium i utlandet

Vi oppmodar alle til å reise på utveksling i løpet av studiet og har hatt god røynsle med å sende studentar til The University of Jordan. Vi vil også nemne utvekslingsavtalen med Universitetet i København.

Det er også viktig å hugse på at Universitetet i Bergen har avtalar med fleire universitet rundt omkring i verda.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. Studentane får studere og nærme seg faga på ulike måtar gjennom førelesingar, seminar, rettleiing, gruppearbeid, språklæring i autentiske situasjonar, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing i og praktisk bruk av digitale verktøy. Du finn meir informasjon om kvar pakke med arbeids- og undervisningsformer i emneskildringa til kvart emne.

Vurderingsformer

I programmet vil studentane møte på ulike former for vurdering for å sikre at dei har oppnådd bestemde læringsutbyte. Vurderingsforma i eit emne er difor tilpassa læringsutbyta i det aktuelle emne og for programmet i heilskap.

Desse vurderingsformene er tatt i bruk: skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, munnleg presentasjon, heimeeksamen og mappevurdering. I studieopphaldet i utlandet vil studentane gjennomføre fleire obligatoriske språktestar.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg vert skrive ut digitalt etter at graden er fullført.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • bestått/ikkje bestått

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Med ein bachelorgrad i arabisk ved UiB kan du kvalifisere for masterprogrammet i historie med føresetnadene som ligg til grunn. Med fullført mastergrad i historie kan du blant anna søkje på aktuelle forskutdanningar (Ph.d.-stillingar). Ønskjer du å jobbe som lærar kan du søkje på utdanninga Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) for vidare arbeid som lektor på ungdomsskule eller vidaregåande skule.

Relevans for arbeidsliv

Studenten vil oppnå praktiske ferdigheiter i arabisk på mellomnivå og vil ha kunnskap og kompetanse til å kunne bruke arabisk språk på ein reflektert og kritisk måte. Det gjer at studenten sjølv kan vidareutvikle eigne språkkunnskapar og ferdigheiter etter avslutta studium. I tillegg får studenten historisk kunnskap om Midtausten som region.

Ein slik tverrfagleg kompetanse kan vere aktuell å ta i bruk i arbeid med integrering eller i andre stillingar der det å vere eit kontaktpunkt i møte med arabiskspråklege kulturar er viktig (rettleiing, rådgjeving eller undervisning).

Arabisk språk og områdekunnskap kan med fordel kombinerast med andre fag for å oppnå ei bestemt spisskompetanse. Vi tilrår studentar blant anna å ta frie studiepoeng i fag som historie, statsvitskap (samanliknande politikk, offentleg administrasjon, sosialantropologi), religionsvitskap, informatikk eller norsk som andrespråk.

Nokre aktuelle arbeidsplassar kan vere i:

  • Offentleg forvaltning
  • Offentlege etatar med ansvar for integrering
  • Diplomatiet (sjå studentpraktikantordning)
  • Humanitære organisasjonar
  • Næringslivet (turisme og handel)
  • Journalistikk
  • Undervisning


Gjennom programmet vil studenten utvikle generiske ferdigheiter og det er verdt å nemne evne til kritisk tenking, formidling, prosjektarbeid, sjølvrefleksjon, digital dømmekraft, samarbeid og fleirkulturell forståing. Dette er eigenskapar som er etterspurd i arbeidslivet.

Vi oppmodar også studentane våre til å ta del i fagutvalet eller ta del i studentfrivilligheita. Det vil gi relevant erfaring til bruk i arbeidslivet.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for Kvalitetssystem for utdanning ved UiB.

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret i arabisk språk med Midtausten historie har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. I styret sit fagkoordinator, undervisarar og studentrepresentant.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Du kan ta kontakt med oss via studierettleiar@if.uib.no eller ringe 55 58 93 70.