Biomedisin (master)

Med ein mastergrad i biomedisin kan du lære å forstå helsa og funksjonane til menneskekroppen frå det fysiologiske til cellenivå. Biomedisin speler ei sentral rolle i utforminga av medisinfaget for framtida, gjennom forsking på korleis vi forstår sjukdomsmekanismane og utvikling av nye legemiddel.

Kva lærer du?

Med ein mastergrad i biomedisin kan du lære å forstå helsa og funksjonane til menneskekroppen.

Med mastergrad i biomedisin kan du  

  • kritisk analysere sentrale teoriar, metodar og resultat innan fagfeltet biomedisin, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing   
  • gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer   
  • bruke kunnskapar og ferdigheiter du har lært i masterstudiet på nye område, og gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt  
     

Effekten av nye funn i biomedisin er betydeleg: Vi utviklar teknologi som kan redusere produksjonskostnadene for medisin, vi analyserer utvikling og progresjon i kreft, og vi utviklar Molecular Imaging-teknikkar. Å motverke infeksjonssjukdommar gjennom nye behandlingsmåtar og vaksinar har mykje å seie for levestandarden i utviklingsland. 

Studiekvardag

Første studieår arbeider du med fagemne, les teori, blir kjend med andre studentar og utforskar ulike forskingsmiljø ved instituttet.

Andre studieår arbeider du med masteroppgåva. Du vel mellom tilgjengelege masterprosjekt og blir del av forskingsgruppa som er knytt til prosjektet du arbeider med. Du deltek i laboratoriearbeid og får praktisk erfaring med moderne forskingsmetodar innan biomedisin. Du skriv masteroppgåva, som omfattar både teoretisk arbeid og laboratoriearbeid i samarbeid med forskingsgruppa. Dette utgjer samla sett ei fulltidsarbeidsveke.

Masterprogrammet krev både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre studentar og forskarar. Du får opplæring i sentrale akademiske ferdigheiter, som vitskapleg skriving, forskingsformidling og presentasjon av forskingsresultat for ulike målgrupper.

Kva kan du jobbe som?

Mastergrad i biomedisin gir kompetanse for arbeid innan forsking, helse og kunnskapsintensive verksemder. Du kan arbeide med forsking og laboratoriearbeid ved universitet, sjukehus og forskingsinstitutt, i legemiddelindustri, bioteknologi og helserelaterte verksemder, samt med forskingsadministrasjon, rådgiving, prosjektkoordinering, forskingsformidling og kvalitets- og regelverksarbeid i offentleg og privat sektor.

Mastergraden kvalifiserer òg for vidare forskarutdanning (ph.d.). 92 prosent av kandidatane frå programmet melder at dei har relevant arbeid to år etter avslutta studium.

Opptakskrav og søknadsfrist

Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Søknadsfrist: 15. april

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i biomedisin er eit toårig fulltidsstudium som startar i august kvart år. Biomedisin handlar om å forstå dei biologiske mekanismane som ligg til grunn for helse og sjukdom. Gjennom studiet utforskar du alt frå grunnleggjande studiar av celler og gen til utvikling av nye diagnostiske verktøy og behandlingsstrategiar. Kreft, nevrologiske sjukdommar og genetiske mekanismar er døme på sentrale forskingsområde som mange studentar møter gjennom studiet. Ved å kombinere teori, laboratoriearbeid og forsking får du innsikt i korleis biomedisinsk forsking bidreg til å forme framtidas medisin.

 

1. semester (høst)

Første semester har du 40 timar med forelesingar og laboratoriearbeid per veke. Det meste er obligatorisk.  

Obligatoriske emne:

DIGI100 - Digital student - Nettkurs i digitale arbeidsmetodar og teknologi for læring (0 studiepoeng)

DIGI101 -  Digital kjeldekritikk (0 studiepoeng)   

HELVIT300 - Helsefagleg relevant vitskapsteori og forskingsetikk (5 studiepoeng) 

BMED322 - Metodar i biomedisinsk forsking (24 studiepoeng) 

BMED382 - Seminarserie (1 studiepoeng). Emnet går over 1. og 2. semester.

I løpet av første semester skal du også velje tema for masteroppgåva. Ei oversikt over tilgjengelege prosjekt blir distribuert i løpet av første semester. Studentane kan kontakte aktuelle forskingsgrupper, og ved fleire søkjarar til same prosjekt er det rettleiaren som tildeler plassen. Du står også fritt til å kontakte andre relevante forskingsgrupper dersom du har interesse for prosjekt som ikkje er inkluderte i oversikta.


2. semester (vår)

Andre semester har du om lag 10 timar med forelesingar og andre aktivitetar per veke. Omfanget varierer avhengig av kva emne du vel. Vanlegvis er forelesingane tilrådde, medan andre aktivitetar er obligatoriske.

Semesteret består av valfrie emne på til saman 30 studiepoeng som er relevante for forskingsfeltet ditt. Du kan også velje emne ved andre utdanningsinstitusjonar eller studieprogram, dersom dei er relevante for mastergraden og blir godkjende av rettleiaren og programutvalet. Emna skal normalt vere på 300-nivå eller høgare.

Tilrådde valemne

BMED326 - Proteinstrukturbestemming, validering og analyse (5 studiepoeng) (går ikkje vårsemesteret 2027)

BMED330 - Cellekommunikasjon og intracellulær signalering (10 studiepoeng)

BMED331 - Tumorbiologi (10 studiepoeng)

BMED365 - Computatinal imaging, modellering og KI i Biomedisin (10 studiepoeng)

BMED370 - Berekningsmetodar for legemiddeldesign (5 studiepoeng)

CAREIN - Kurs i forsøksdyrlære, laboratoriedyr, teori, funksjon A, B og D (8 studiepoeng)

CCBIO908 - Vitenskapelig skriving og kommunikasjon (2 studiepoeng)

ELMED219 - Kunstig intelligens og beregningsorientert medisin (6 studiepoeng)

HUIMM307 - Basic Course in Flow Cytometry (5 studiepoeng)

HUIMM320 - Basal immunologi (5 studiepoeng)

HUMGEN301 - Human Molecular Genetics (5 studiepoeng)

HUPAT301 - Basal humanpatologi (5 studiepoeng)

Liste over alle emne ved UiB. 


3. og 4. semester  

BMED395 - Masteroppgåve i biomedisin

I tredje og fjerde semester arbeider du med masteroppgåva di. Prosjektet må godkjennast av programutvalet, og du blir del av forskingsmiljøet knytt til oppgåva. Arbeidet kan omfatte både laboratoriearbeid, dataanalyse, litteraturstudium og vitskapleg skriving, avhengig av prosjektet.

Du har regelmessige møte med rettleiaren din og får individuell rettleiing gjennom heile prosjektperioden. For ei masteroppgåve på 60 studiepoeng har du rett til inntil 40 timar rettleiing, inkludert førebuing og etterarbeid frå rettleiar. Arbeidet med masteroppgåva tilsvarer eit fulltidsstudium.

Utveksling

Du kan ta delar eller heile masteroppgåva di ved ein Erasmus+-partnar i tredje og fjerde semester. Utveksling krev godkjenning frå programutval. Dersom du vurderer utveksling, bør du ta kontakt med med-ibm-studiesaker@uib.no i god tid, og seinast innan 15. april året før planlagt utreise.

Les meir om utveksling her. 

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Om du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak til eit doktorgradsstudium ved UiB eller eit anna universitet.

Spørsmål om studiet?

Telefonen er open kvardagar mellom 12.00-14.00

Telefonnummer: 55586400
E-post: info.med@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i biomedisin