Studieplan for BAHF-HIS Bachelorprogram i historie, høst 2026

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i historie har et omfang på 180 studiepoeng.

Namn på grad

Bachelor i historie

Fulltid/deltid

Bachelorprogrammet i historie er normert til 3 år.

Undervisningsspråk

Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Historie handlar om fortida til menneske og samfunn, og legg til grunn at vi forstår nåtida betre om vi ser henne i lys av fortida. Historiefaget ved UiB famnar om studiar på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå frå antikken til i dag. Studiet tar for seg kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og innbyr til refleksjon omkring forandring og kontinuitet. Særleg retter studiet merksemda mot betydinga av kjønn, klasse, nasjonalitet og etnisitet. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga, både i og utanfor Noreg.

Studiet skal gi auka innsikt i at ikkje berre dei menneskelege samfunna, men også vår forståing av fortida har endra seg. I tillegg vil studiet gi innsikt i ulike metodiske tilnærmingar til studiet av fortida og korleis metodane påverkar sjølve tolkinga av fortida. Studiet kombinerer oversyn og fordjuping, og inkluderer dessutan tverrfaglege emne, slik at studentane kan kombinera innsikt i "dei store linjene" i historia med nærstudium av avgrensa problemfelt.

Innanfor bachelorprogrammet i historie kan ein velje studieretning Midtaustens historie. Denne studieretninga er open for alle på programmet.

Studieretninga Midtaustens historie gir ei historiespesialisering som famnar alle fagets Midtausten-emne kombinert med andre historieemne. Denne studieretninga har eige krav til emnesamansetning, og studentane skriv bacheloroppgåve i Midtaustens historie (HIM250). Bachelorgrad i historie med studieretning Midtaustens historie gjev same undervisingskvalifikasjonar som ein ordinær bachelorgrad i historie.

Instituttets emne i Midtaustens historie kan òg inngå i ein bachelorgrad utan denne særskilde studieretninga.

Bachelorgraden i historie inneheld òg ein breiddekomponent, som betyr at studiet i historie blir kombinert med minst eitt anna fagområde. Studentar vel fritt kva breiddekomponenten skal innehalde. Breidde i utdanninga gir studentane innsikt i fagområde utanfor eiga spesialisering. Dette breie faglege grunnlaget fremmar kritisk tenking, kreativitet og fleksibilitet - eigenskapar som er verdifulle både i vidare studium og i arbeidslivet.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten vil ha god oversikt i norsk og internasjonal historie frå antikken til i dag. Studenten vil også ha særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar både i eldre historie (før 1750) og nyare historie.

Kandidaten vil bli kjent med faglege grenseflater mellom historie og andre fag.

Kandidaten vil òg ha god kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål.

Ferdigheiter:

Kandidaten har ferdigheiter i å drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdering av historiske framstillingar.

Kandidaten kan analysere historiske data, kjelder og litteratur, samt trekkje sjølvstendige konklusjonar basert på dette materialet.

Generell kompetanse:

Kandidaten vil ha erfaring med å handsame store informasjonsmengder, samt å formidle historisk kunnskap både munnleg og skriftleg.

Kandidaten har kompetanse til å setja seg inn i nye problemfelt og å analysera saker frå fleire sider.

Kandidaten har kompetanse i akademisk argumentasjonsteknikk og til å dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte.

Kandidaten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og LES100 - Les og skriv (10 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. I tillegg er det tilrådd at ein i første semester tar HIS100 Innføring i historie (10 studiepoeng).

Tilrådd første semester:

Ex.phil (10 studiepoeng)

Les og skriv (10 studiepoeng)

HIS100 (10 studiepoeng)

Obligatoriske emne

I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i ei ordinær historiespesialisering:

HIS101 Eldre historie til 1750

HIS102 Nyare historie frå 1750

HIS250 Bacheloroppgåve i historie

Eitt av emna/ein av kombinasjonane (tredje semester):

HIK111 SEX: Seksualitetens moderne historie

EUR101 Innføring i europeisk historie og HIS120 Fordjupingsoppgåve i historie

KARV109 Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda og KARV110 Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda (tilleggskurs)

MILHUM202 Tema i miljøhumaniora og MILHUM203 Tema i miljøhumaniora (tilleggskurs)

Eitt av emna (tredje semester):

HIS113

HIS114

HIS115

HIS116

HIM101

HIM104

HIM105

HIS108

HIS130

Fordjupingsemna vil variere frå år til år, sjå nettsidene til UiB for aktuelle tilbod.

Eitt av emna (sjette semester):

HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder

ANT203 Antikkens metodar og kjelder

For studentar som vel studieretning Midtaustens historie, er følgjande emne obligatoriske( i tillegg til innføringsemne):

HIS101, HIS102, HIM101, anten HIS203 eller ANT203, HIM250 og anten HIM104 eller HIM105.

HIS250 og HIM250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 10 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Bachelorprogrammet i historie har ein obligatorisk breiddekomponent på 30 studiepoeng. Dette vil seie at studentar må ta minst 30 studiepoeng med emne utanfor historiefaget. Dette er jf. HF sine utfyllande reglar til § 10-3 i UiB si studieforskrift.

Spesialisering

Graden må innehalde ei historiespesialisering på 90 studiepoeng, sett saman av:

HIS101 Eldre historie til 1750

HIS102 Nyare historie frå 1750

HIS250 Bacheloroppgåve i historie

Eitt av emna/ein av kombinasjonane:

HIK111 SEX: Seksualitetens moderne historie

EUR101 Innføring i europeisk historie og HIS120 Fordjupingsoppgåve i historie

KARV101 Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda og KARV102 Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda (tilleggskurs)

MILHUM202 Tema i miljøhumaniora og MILHUM203 Tema i miljøhumaniora (tilleggskurs)

Eitt av emna:

HIS113

HIS114

HIS115

HIS116

HIM101

HIM104

HIM105

HIS108

HIS130

Eitt av emna:

HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder

ANT203 Antikkens metodar og kjelder

Spesialisering med studieretning Midtøsten inneheld HIS101, HIS102, HIM101, anten HIM104 eller HIM105, anten HIS203 eller ANT203, i tillegg til HIM250 bacheloroppgåve i Midtaustens historie.

Tilrådde valemne

Bachelorgraden i historie har 60 frie studiepoeng. I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevant for si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ved Det humanistiske fakultet er det ei rekkje ulike alternativ for bruken av frie studiepoeng. Det er mellom anna mogleg å:

  • velje blant fleire emnepakkar på fakultetet
  • velje emne frå liste som er sortert etter tema/område
  • ta eit av HF sine årsstudium
  • fritt velje blant alle opne emne på UiB
  • reise på utveksling


Dersom ein ynskjer å gå vidare med lærarutdanning, er det tilrådd at dei 60 frie studiepoenga vert tekne i eit undervisningsfag.

30 av dei 60 frie studiepoenga må brukast til å oppfylle kravet om breiddekomponent (sjå under «Obligatoriske emne»).

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emne i ordinær spesialisering i historie:

1. semester (haust): ex.phil, LES100 og HIS100(30 stp)

2.semester (vår): HIS101 og HIS102 (30 stp)

3.semester (haust): To valemne i historie (sjå liste under “obligatoriske emne”) (30 stp)

4.semester (vår): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

5. semester (haust): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

6.semester (vår) anten:HIS203 eller ANT203, og HIS250 Bacheloroppgåve i historie (30 stp)

Tilrådd rekkefølgje for emne i studieretning Midtaustens historie:

1. semester (haust): ex.phil, LES100 og HIS100(30 stp)

2.semester (vår): HIS101 og HIS102 (30 stp)

3.semester (haust): HIM101 og anten HIM104 eller HIM105 (30 stp)

4.semester (vår): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

5.semester (haust): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

6.semester (vår): anten HIS203 eller ANT203, og HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie (30 stp)

Instituttet tilrår at studentane har avlagt eksamen i emna på 100-nivå før dei skriv bacheloroppgåva (HIS250 eller HIM250).

Fordjupingsemna og HIS250 tilbyr normalt fleire tema. Sjå UiB og AHKR sine nettsider.

Ein kan etter søknad skifta ut eitt fordjupingsemne med eit emne på minst 15 studiepoeng frå eit anna fag.

Delstudium i utlandet

Programmet kan inkludera eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er Universitetet i Greifswald, Universitetet i Southampton og Universitetet i Groningen .

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning, oppgåvekommentering og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F der F er stryk

2) greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad i historie gir grunnlag for søknad til masterprogrammet i historie.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i historie gir gode, solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Historie opnar for arbeid i skuleverket, kultursektoren, arkiv, bibliotek, og museum, medieverksemder, offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@ahkr.uib.no