Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Arkeologi er vitskapen om menneske og samfunn frå den eldste forhistoria fram til nyare tid, basert på studiar av dei materielle spora av menneska si aktivitet. Arkeologi er viktig for å gi meining til historiske stader og gjenstandar som kan seie oss noko om kvar og korleis menneske har levd.
Som bachelorstudent lærer du korleis arkeologar arbeider. Du får kunnskap om ulike periodar, teoriar og metodar, slik at du kan tolke, kartlegge, sortere, stad- og tidfeste gjenstandar og materiale, og bidra til aktuell samfunnsdebatt.
Arkeologistudiet i Bergen har eit unikt opplegg der ein ser på mange ulike geografiske område i lys av kvarandre. Det er både teoribasert og praksisorientert, med innslag av materialkurs. Studiet passar for deg som liker å fordjupe deg i litteratur, samarbeide om gruppearbeid og jobbe med sjølvstendig arbeid.
Med ein bachelorgrad i arkeologi:
Bachelorstudiet i arkeologi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Du får ei blanding av obligatoriske og valfrie emne. I tillegg til å bruke tid på lesesalen med sjølvstudium har ei typisk veke på dette studiet 8–10 timar med forelesingar, seminargrupper og materialkurs.
Å studere arkeologi ved UiB gir deg nærleik til spennande arkeologiske lokasjonar på Vestlandet. Bergen er ein by med ei lang og interessant historie, pågåande arkeologiske utgravingar og relevante område og studieobjekt.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di.
Samfunnet treng arkeologar for å kunne seie noko om menneskets historie og utvikling. Dei som har tatt bachelorgrad i arkeologi har gode, solide allmennkunnskapar som kan brukast i ei rekke yrkessamanhengar. Arkeologi opnar for arbeid mellom anna i offentleg forvaltning, i museumssektoren, i administrative stillingar eller i organisasjonar.
Med bachelorgrad i arkeologi kan følgjande arbeidsplassar og stillingar verte relevante:
Undervisningsspråk: Norsk
1. semester
Examen philosophicum (ex.phil.) (10 studiepoeng)
Akademisk skriving eller Språkkunnskap (10 studiepoeng)
Innføring i arkeologi (10 studiepoeng)
2. semester
Menneske, utvikling og samfunn: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr. (20 studiepoeng)
Fordjuping i arkeologi i perioden fram til 500 f. Kr. (10 studiepoeng). Du kan velje eitt av tre ulike tema.
3. semester
Middelhavet, Nord-Europa og Norden frå ca. 500 f.Kr. til 1500 e.Kr. (20 studiepoeng)
Fordjupingsemne i arkeologi i perioden 500 f.Kr. - 1500 e.Kr. (10 studiepoeng). Du kan velje eitt av to til tre tema.
4. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
Teori og metode i arkeologi (10 studiepoeng)
Bacheloroppgåve i arkeologi (15 studiepoeng)
Fordjupingsemne i arkeologisk teori og metode (5 studiepoeng). Du kan velje eitt av to til tre tema.
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Du kan dra på utveksling i nesten heile verda på UiB sine avtaler. Du kan òg velje å reise til eit av våre arkeologiske samarbeidsuniversitet i Danmark, Storbritannia, Sverige eller Tyskland.
Ein bachelorgrad i arkeologi kan gi grunnlag for vidare studium på masterprogram i arkeologi, som kvalifiserer deg til fleire yrker innanfor faget, blant anna som feltarkeolog.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.