Informasjonsvitskap (årsstudium)
Årsstudiet i informasjonsvitskap rustar deg til å forstå korleis vi kan nytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) på ein god måte.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 21
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk
Kva lærer du?
Informasjonsvitskap gir deg ei grunnleggande innføring i informasjonssystem, datahandtering og programutvikling. Kreativitet står sentralt i arbeidet med å lage dei beste løysningane for brukarane.
Du lærer korleis informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) kan støtte behandling av kunnskap, informasjon og data. Vi studerer IKT i lys av til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Etterspørselen etter IT-kompetanse på arbeidsmarknaden er i stadig vekst. IKT er ein sentral infrastruktur og finst overalt i samfunnet i dag, og IT-fag er svært attraktive på arbeidsmarknaden.
På årsstudium i informasjonsvitskap lærer du blant anna
- om informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og denne teknologien sin plass i samfunnet
- å programmere enkle og meir avanserte datamaskinprogram ved hjelp av moderne teknikkar og programmeringsspråk
- arbeid med informasjonssystem, aleine og i grupper
Studiekvardag
Som student på informasjonsvitskap vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet, der du finn lesesalplassar, datalabar og biblioteket. Mykje av undervisninga vil også gå føre seg på SV-bygget (Lauritz Meltzers hus) og Ulrike Pihls hus.
Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Det er mellom 14 og 18 timar undervisning i veka, avhengig av kva fag du vel. I ei vanleg undervisningsveke bruker du mykje tid på datalab, i tillegg til forelesingar, seminargrupper, gruppearbeid og sjølvstudium.
Kva kan du jobbe som?
Årsstudiet i informasjonsvitskap passar godt som supplement til tidlegare utdanning, eller for deg som ønsker å teste ut i eitt år om du liker faget.
Med utdanning i informasjonsvitskap kan du for eksempel arbeide med
- utvikling
- drift
- konsulentarbeid i IT-bransjen
- undervisning
Årsstudiet med spesialiseringsemne i informasjonsvitskap gir undervisningskompetanse i vidaregåande skule i IT-fag.
Opptakskrav og søknadsfrist
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk
Studiets oppbygging
Årsstudium i informasjonsvitskap går over to semester og startar i august. Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.
Årsstudium med innføringsemne
Passar for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i informasjonsvitskap.
1. semester
INFO100 – Innføring i informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
INFO132 – Innføring i programmering (10 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
INFO104 – Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
INFO110 – Informasjonssystem (10 studiepoeng)
INFO135 – Vidarekommande programmering (10 studiepoeng)
Årsstudium med spesialiseringsemne
Passar for deg som har studert før, og som vil bygge på tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.
1. semester
INFO100 – Innføring i informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
INFO132 – Innføring i programmering (10 studiepoeng)
Vel eitt emne:
INFO125 – Datahandtering (10 studiepoeng)
eller INFO162 – Innføring i HCI (10 studiepoeng)
2. semester
INFO110 – Informasjonssystem (10 studiepoeng)
INFO135 – Vidarekommande programmering (10 studiepoeng)
Vel eitt emne:
INFO104 – Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
eller INFO263 – Interaksjonsdesign og prototyping (10 studiepoeng) (dersom du tok INFO162 – Innføring i HCI i 1. semester)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Vidare studiemoglegheiter
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du tar 60 studiepoeng og kan søke om intern overgang til bachelorprogram i informasjonsvitskap dersom du vil studere meir.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.