Medie- og interaksjonsdesign (bachelor)

Er du interessert i framtidas medieløysingar? På Medie- og interaksjonsdesign lærer du å gjere løsningane betre og på brukarane sine premissar. Studiet passer godt for deg som er kreativ, analytisk, sosial, og med ei interesse for teknologi.

Kva lærer du?

På bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign lærer du å forstå mediefeltet, slik at vi kan designe løysingar som gir effektiv medieproduksjon og brukarvennleg mediebruk. Interaksjonsdesign handlar om å lage løysingar som gjer produkt og system enklare for brukaren. 

Sentrale spørsmål i studiet er korleis ein kan: 

  • gjere streamingtenesta er betre tilpassa bestemte brukargrupper 
  • forenkle kvardagen til ein journalist med nye teknologiske løysingar 
  • gjere redigeringsprosessen for medieprodusentar meir saumlaus 

Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verktøy, og mediebruk er i ofte brukarstyrt, interaktiv og on-demand. I slike situasjonar er det viktig at systema er enkle og effektive å bruke både for medieprodusentar og mediebrukarar. Dei må gjere det brukarane treng, og ikkje skape frustrasjon og dårleg oppleving. Nye interaktive løysingar krev òg nye former for medieinnhald.

Studiekvardag

Undervisninga finn stad i Media City Bergen, ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medie- og medieteknologiselskap.

Undervisninga er lagt opp som workshops som kombinerer forelesingar og seminaraktivitet med praktiske øvingar. På slutten av studiet skal du også gjere eit bachelorprosjekt i samarbeid med eit selskap. Du må rekne med ein del sjølvstudium aleine og i grupper. 

Du vil være på feltarbeid to gonger i studieløpet. Da vil du besøke lokale medieselskap der du observerer arbeidspraksisar over tid. Du vil også undersøke korleis mediebrukarar interagerer med medieteknologi.  

Det er internpraksis i 1.-4. semester. Da vil studentane jobbe i grupper med utviklinga av ein praktisk prototype. I løpet av det sjette semesteret er du i praksis hos ei mediebedrift der de lagar ei teknisk medieløysing i grupper.

Kva kan du jobbe som?

Dette er ei utdanning som er utvikla i tett dialog med bransjen. Kompetansen du får er ei unik blanding av teknisk innsikt, designkunnskapar og forståing av kva brukarane treng i møte med ny teknologi.

Du kan for eksempel arbeide med: 

  • UX-design og interaksjonsdesign 
  • brukarstudiar og -innsikt 
  • front end-utvikling 
  • informasjons- og kommunikasjonsarbeid
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 57.1
Primær kvote: 50.0

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Studieløpet går over tre år og startar i august.

Slik er studiet lagt opp:

1. semester  

MIX100 – Grunnkurs i medie- og interaksjonsdesign (10 studiepoeng)

INFO132 – Innføring i programmering (10 studiepoeng)

Examen philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

INFO263 – Interaksjonsdesign og prototyping (10 studiepoeng)

MIX114 – Webutvikling (20 studiepoeng)

3. semester  

MIX203 – Design for medieproduksjon (20 studiepoeng)

INFO125 – Datahandtering (10 studiepoeng)

4. semester

MIX204 – Design for mediebruk (20 studiepoeng)

INFO135 – Vidarekommande programmering (10 studiepoeng) eller INFO110 – Informasjonssystem (10 studiepoeng) eller AIKI110 – Kunstige agentar (10 studiepoeng) 

5. semester

Frie studiepoeng* / utveksling (30 studiepoeng)

*Frie studiepoeng er fag du vel i tillegg til dei obligatoriske. Med valfrie fag kan du forme graden etter kva du sjølv er interessert i. 

6. semester

MIX250 – Bacheloroppgåve i medie- og interaksjonsdesign (30 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du har høve til å reise på utveksling det femte semesteret som ein del av dei frie studiepoenga dine.   Universitetet har mange avtalar med ulike land og universitet rundt om i verda.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

UiB tilbyr masterprogram i medie- og interaksjonsdesign som du kan ta etter fullført bachelorgrad. Under visse føresetnader kan du òg søke andre masterutdanningar ved UiB, for eksempel informasjonsvitskap og medier-og-kommunikasjon.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 93 64
E-post: studierettleiar.mcb@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign