Odontologi (integrert master)

Vil du hjelpe folk til god helse gjennom friske tenner og sunn munnhole og eit fint smil? Ønsker du ein jobb som kombinerer handverk med medisinsk kunnskap og moderne teknologi? Då er tannlegestudiet (odontologi) noko for deg! Tannlegestudiet fører fram til autorisasjon som tannlege.

Kva lærer du?

Du lærer om generell helse, tannhelse og tannhelserelaterte problem samt samanhengen mellom munnhelse og generell helse. Kjemi, biokjemi, anatomi og fysiologi frå eit medisinsk perspektiv er derfor en viktig del av studiet.  Studiet er ei blanding av teori, praktiske oppgåver og klinisk praksis på vår moderne studentklinikk og i ekstern praksis. Du bør både være glad i å prate med menneske og i å jobbe med hendene.

Etter studiet har du brei kunnskap om førebygging og behandling av sjukdom i munnhola. Du skal kunne 

  • kommunisere godt med pasientar og pårørande  
  • utføre behandlingar som fyllingsterapi, krone- og bru-behandling og fjerning av tenner, alt på ein smertefri måte for pasienten 

Tannlegestudiet i Bergen kan tilby moderne klinikkar, engasjerte undervisarar og eit særs godt studiemiljø i ein vakker by med flott natur rundt.

Studiekvardag

Tannlegestudiet har mykje teoretisk praksis og klinisk undervisning. Du vil tidleg i studieløpet møte pasientar. Og du vil lære å behandle desse under rettleiing. Du vil lære å møte pasientar på en profesjonell og tillitvekkande måte.

Du får

  • strukturert undervisningsopplegg i eitt moderne odontologibygg
  • tidleg klinisk trening og møte med pasientar  
  • aktivt og sosialt studentmiljø, med mange ulike foreiningar og verv  
  • forskingsbasert kunnskap og avanserte tekniske ferdigheiter  

Mykje av undervisninga skjer i grupper, så du blir raskt kjent med dine medstudentar. Du får og tilbod om å delta i ei mentorgruppe. Først trener du på modellar og lærer teori og deretter får du behandle pasientar under rettleiing.

Under studiet er det obligatorisk å nytte klinikkarbeidstøy med korte ermer. Les meir på nettsida til Institutt for klinisk odontologi (IKO).

Kva kan du jobbe som?

Arbeidsmarknaden for tannlegar er god. Du får eit yrke som er rikt på utfordringar, og du spelar ei viktig rolle i samfunnet. Autorisasjonen du får etter utdanninga er ein føresetnad for å arbeide som tannlege. 

Du får eit fleksibelt yrke der du jobbar tett på alle slags menneske. Det finnes mange forskjellige karrieremoglegheiter for ein tannlege i Den offentlige tannhelsetjenesten eller som privatpraktiserende tannlege. 

Du kan og drive med forskning, undervisning eller spesialisering. Det finnes mange moglegheiter for å forme fremtidens odontologi. 

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 65.1
Primær kvote: 55.8

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: MEROD

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Norsk. 

Noko undervisning vil være på engelsk eller annet skandinavisk språk. Pensum er i all hovudsak på engelsk

Studiets oppbygging

Studiet går over fem år. Fleire emne går over fleire semester. Emna i studiet bygger på kvarandre, og det er viktig at du kan det som er forventa sidan du behandlar pasientar under studiet. Derfor har studiet eit fast løp, og alle emne er obligatoriske.  

Studentane nyttar klinikkarbeidstøy under arbeid, både i Ferdigheitssenteret og i klinikkane.

Klinikkarbeidstøyet består av klinikkbukser og korterma kittel for å sikre adekvat handhygiene. Religiøse hovudplagg som nyttast i klinikken, sjåast som arbeidstøy, og skal følgje reglene for arbeidstøy.

Alt arbeidstøy eigast av Odontologisk Universitetsklinikk og vert lånt ut til studentane. Sjå meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB. 


 1. Studieår 

DIGI100 - Digital student - Nettkurs i digitale arbeidsmetodar og teknologi for læring (0 studiepoeng)

DIGI101 -  Digital kjeldekritikk (0 studiepoeng)

Ex.phil.* Skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)  

MEDOD1 - Første semester medisin- og odontologistudiet (17 studiepoeng) 

OD1INTRO - Introduksjonskurs i odontologiske fag (går over 1. og 2. semester) (3 studiepoeng) 

MEDOD2 - Andre semester medisin- og odontologistudiet (25 studiepoeng) 

OD1ORBI - Oral biologi del 1 (5 studiepoeng) 

 

2. studieår 

OD2ANA - Anatomi (15 studiepoeng) 

OD2FYS - Menneskets fysiologi (15 studiepoeng) 

OD2PATIM - Generell patologi og immunologi (7 studiepoeng) 

OD2ORBI - Oral biologi del 2 (6 studiepoeng) 

OD2BM - Biomaterialer (3 studiepoeng) 

OD2KARIO - Ferdighetskurs del 1: Kariologi (8 studiepoeng) 

OD2PERIO - Periodonti, ferdigheitskurs (2 studiepoeng) 

OD2MIKR - Mikrobiologi (2 studiepoeng) 

OD2RØNT - Kjeve- og ansiktsradiologi (2 studiepoeng)  

OD3KLIFORB - Klinikkførebuing (Går over 4. og 5. semester) 


3. studieår

OD3KLIFORB - Klinikkførebuing (Går over 4. og 5. semester) (7 studiepoeng) 

OD3MAST - Plan for masteroppgave (Går over 4., 5. og 6. semester) (3 studiepoeng) 

OD3RØNT - Kjeve- og ansiktsradiologi (4 studiepoeng) 

OD3FARMA - Farmakologi (3 studiepoeng) 

OD3KARIO - Kariologi + klinikk (Går over 5. og 6. semester) (12 studiepoeng) 

OD3PERIO - Periodonti + klinikk (Går over 5. og 6. semester) (10 studiepoeng) 

Ferdighetskurs del 2: Protetikk (Går over 5. og 6. semester) (15 studiepoeng) 

OD3PROT - Ferdighetskurs del 2: Protetikk (Går over 5. og 6. semester) 

OD3KJEVE - Ferdigheitskurs kjeveortopedi (1 studiepoeng) 

OD3ENDO - Ferdighetskurs endodonti (4 studiepoeng) 


4. studieår

OD4ENDO - Endodonti + godkjent klinikk (Går over 6. og 7. semester) (5 studiepoeng) 

OD4PROT - Protetikk + klinikk (Går over 6. og 7. semester) (5 studiepoeng) 

OD4KJEVE - Kjeveortopedi + klinikk (Går over 6. og 7. semester) (6 studiepoeng) 

OD4DIAGNOS - Diagnostikk, behandlingsplanlegging (5 studiepoeng) 

OD4TEMA - Tannbehandling, diverse tema (Går over 7. og 8. semester) (10 studiepoeng) 

OD4KLIN - Tverrfagleg godkjent klinikk (Går over 7. og 8. semester) (5 studiepoeng) 

OD4KOS - Kjeve- og slimhinnelidingar 4. studieår (Går over 7. og 8. semester) (9 studiepoeng) 

OD4BARN - Pedodonti + klinikk (Går over 7. og 8. semester) (15 studiepoeng) 

 

5. studieår

OD5MAST - Masteroppgåve (Går over 7., 8., 9. og 10. semester) (12 studiepoeng) 

OD5SAM - Samfunnsodontologi (Går over 8. og 9. semester) (6 studiepoeng) 

OD5PRAKSIS - Praksisstudie i den offentlege tannhelsetenesta (Går over 8. og 9. semester) (4 studiepoeng) 

OD5KOS - Kjeve- og slimhinnelidingar 5. studieår (6 studiepoeng) 

OD5INT1 - Studentutveksling (3 studiepoeng) eller OD5INT2 - Internasjonalt emne heime (3 studiepoeng) 

OD5KLIN1 - Godkjend klinikk (8 studiepoeng)  

OD5TEMA - Tannbehandling, diverse tema (Går over 9. og 10. semester) (12 studiepoeng) 

OD5KLIN2 - Godkjend klinikk, hospitering HUS og Tannlegevakta (9 studiepoeng) 
 


Studentane nyttar klinikkarbeidstøy under arbeid, både i Ferdigheitssenteret og i klinikkane.

Klinikkarbeidstøyet består av klinikkbukser og korterma kittel for å sikre adekvat handhygiene. Religiøse hovudplagg som nyttast i klinikken, sjåast som arbeidstøy, og skal følgje reglene for arbeidstøy.

Alt arbeidstøy eigast av Odontologisk Universitetsklinikk og vert lånt ut til studentane.

Sjå meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB. 

Utveksling

Du kan reise på utveksling i niande semester. I tillegg jobbar fakultetet for å legge til rette for utveksling også i løpet av andre studieår. På odontologistudiet har vi fleire spanande utvekslingsavtalar med universitet i Sverige, Danmark, Frankrike, Storbritannia og Kypros.  

Les meir om utveksling på tannlegestudiet

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter mastergraden kan du gå vidare med ph.d.-studium og ta ein doktorgrad. Dette kvalifiserer til stilling i universitetssystemet eller på dei regionale kompetansesentra.

Arbeider du som tannlege i minimum to år kan du søke opptak til spesial- eller spesialistutdanning innanfor sju spesialfelt i tannlegefaget.

Spørsmål om studiet?

Telefonen er open kvardagar frå 12.00-14.00.

Telefonnummer: 55586400
E-post: info.med@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i odontologi